I følge plateselskapet er Glittertind tilbake med sitt andre album som fulltalleg band. Oppfølgaren til den kritikerroste Djevelsvart heiter Blåne for Blåne og er i butikkane 27. april.

For dei som har kjenner Djevelsvart og dei andre albumene med blant andre Evig Asatro, er dette eit album i ei heilt anna retning. Eg kan ikkje anna enn å seie at eg blei skuffa etter å høyrt gjennom Blåne for Blåne for fyrste gong. Kvar er fuzzgitaren og dei tøffe riffene? Kvar er snevene av vikingmetallen? Dette var ikkje til å kjenne att. Glittertind har tatt eit godt byks ut av folkemetallen dei har levert tidlegare. Særpreget dei har klart å skape er for meg heilt borte. Det blir presentert som folkrock, men for meg er ikkje dette rock. Folkeviser med eit tradisjonelt tilsnitt er for meg ei meir riktig beteikning. Etter fyrste lytting sat eg berre å tenkte at dette var kjedeleg og eg var lei meg.

Når det er sagt, treng dei fleste plater ei gjennomlytting eller tre før dei sit, og slik er det óg med Blåne for Blåne. Den veks litt på meg. Det er fine harmoniar og gode melodiar. Etterkvart tenkte eg at opningssporet, Ukjend Land, kunne minne litt om avslutninga på Djevelsvart. Spor nummer to, Høyr min Song (Til Fridomen), har faktisk vore A-lista på P1 sidan februar. Dette sporet minte meg veldig om The Lumineers og eg forstår at dette var eit naturleg val som fyrstesingel. Dette er ein fengande og lysteg song som kan ha allsangpotensiale på folkemusikkfestivalar rundt omkring.

Draumen, spor nummer fem, skapte umiddelbare brekningar hjå meg. Det høyrtast akkurat ut som Tir n’a Noir av Vamp. Fyrste gongen skippa eg faktisk vidare til neste spor, men andre gong, tvang eg meg til å høyre heile. Det er eg for so vidt glad for. Glittertind har klart meisterstykket å lage ein song som er dørgande kjedeleg og kjip det fyrste minuttet før den endrar seg til å bli ein av dei beste på albumet. Eg forstår ikkje korleis det går an, men dei har klart det. Elles er tittelsporet óg verdt å trekke fram som eit av dei sporene som skil seg ut. Her kjem inspirasjonen frå folkemusikken klart og tydeleg fram.

I følge bandet sjølv har dei laga eit album der låtane heng saman i ei større heilheit bade tekstleg og musikalsk. Dei har henta inspirasjon frå nynorsk lyrikktradisjon og indiefolkrock samt klassisk-romantisk tradisjon. Det er ikkje vanskeleg å høyre. Spesielt er den nynorske lyrikktradisjonen framtredande. Det er heller ikkje vanskeleg å høyre at den er spelt inn i samarbeid med folk som har jobba med Odd Nordstoga. Det er noko “Nordstogask” over heile albumet.

Om ein ser på dette som eit album med visepop er det nok eit fint album. Likevel kan eg ikkje unngå å vere skuffa over retninga Glittertind har valt og eg trur nok at dei som likar “gamle” Glittertind vil vere enig med meg i at dette var ein nedtur.