Nokre gongar kjennes det lite fornufteg å skulle skrive om ei plate. Det er so mykje ein kunne ha skrive og det er er so mykje ein burde tatt med. Det betyr likevel so lite kva eg skriv. Sólverv er ei av desse platene.

Joda, eg kan godt skrive at dette er god svartmetall slik vi likar den i Noreg. Vokalen snerrast fram slik det berre kan gjerast i svartmetallen. Eg kan sjølvsagt óg ta med at eg setter umåteleg pris på at Vreid syng på nynorsk og at det er kjekt å høyre at dei har lagt frå seg dei engelske tekstane. Svartmetall gjer seg best på nynorsk! For dei av dykk som ikkje kjenner Vreid so godt, kan eg godt seie at det er kult at gutane i bandet ikkje fortsatte med Windir etter at sjef og låtskrivar, Valfar, forsvann i ein snøstorm på fjellet i 2004, men at dei starta eit nytt band. Respekt!

I tillegg kan eg godt skrive at den absolutte høgdaren for meg på albumet er Når Byane Brenn. Dette er ein utruleg bra låt som eg trur dei lyt spele mykje live i tida framover. Om eg får lov til å kome med eit tips til Vreid, vil det vere å bruke pauker når dei spelar denne på konsert. Det kjem å løfte starten på songen til nye høgder! Elles er både Storm frå vest og Fridom med daudens klang to låtar som skil seg litt ut for meg. I positiv retning, altso.

Alt dette har eg faktisk no skrive. Og det er berre kult at du har lest det. Men Sólverv er rett og slett ei plate du berre lyt sette deg ned å lytte til. Det fortenar den so absolutt! Kos deg glugg! Det er eg viss på du kjem til å gjere!