Norske Kampfar har laga svartmetall av ypperste klasse sidan 1994. Profan er det sjuande studioalbumet dei har gjett ut, men det betyr ikkje at dei har blitt korkje mjukare eller kjedelegare av den grunn. Dette er klassisk svartmetall med bånn gass frå start til slutt. Ei lita fun fact er at dei faktisk ikkje spelte live før i 2004.

Ein ting som sler meg når eg høyrer på plata er at dei har nokre songar på norsk og nokre på engelsk. Eg forstår ikkje kvifor. Dette har dei gjort før óg. Det har ikkje noko å seie for det musikalske, sjølvsagt, men det er berre litt rart. Eller er det berre meg?

No har eg høyrt på Profan nokre gongar, og det tok ikkje lenge før det var spesielt ein song som sto fram som ein klar favoritt. Profanum er ein strålande song med god dynamikk og sterk variasjon. Eg vil spesielt trekke fram bruken av dissonans i gitarane på mellomspelet som går att fleire gongar. Det skapar ei uhyre god atmosfære i songen og gjer at eg vil høyre den om att og om att. Bruken av dissonans går for so vidt att på plata, men det er spesielt i Profanum det kjem til sin rett.

Elles balanserar plata hårfint på ein knivsegg når det gjeld pompøsitet og svulstighet. Den er mektig utan å bli pompøs, den er atmosfærisk utan å bli svulstig. Fløytespel og koring kunne fort endt opp med å trekke ned heilheta til albumet, men Kampfar klarer å dra det akkurat longt nok til at det rett og slett berre funkar. Eg er meget glad for at dei ikkje fell for freistinga å køyre på med orkester og symfoniske element. Då hadde dei landa i det karikerte og overdrivne, og plata hadde berre blitt kjip. Dei har tatt i bruk didgeridoo og strupesong (båe utført av Geir Torgersen), men det er faktisk tøft og tilfører noko i staden for å trekke ned.

Profan er eit sterkt svartmetallalbum det er umogeleg å ikkje like. Det er kanskje litt tidleg å kome med julegåvetips alt no, men om du har ein kjær som likar musikken sin svart, er dette ein sikker vinnar!