Steak Number Eight er eit belgisk band som blei starta som ein homage etter at bror til Brent Vanneste døde. Bandnamnet referar til ein song av den avdøde broren sitt band Voidpoint. Då var Vanneste 13 år!

Kosmokoma er det tredje (eller fjerde? Herom stridast dei lærde. Plateselskapet seier det tredje, mens Encyclopedia Metallum seier det fjerde) er eit sterkt album. Og heilt klart det mest utadvendte albumet dei har gjett ut. Ein kan spør seg om det er ein god ting. Eg er usikker kva eg egentleg meiner. Post metal/sludge som dette er stort sett best når den er meir introvert og skotuppbeskuande. Likevel er det noko med Kosmokoma som treff ein nerve. Eg klarer ikkje heilt å bestemme meg. No er det sjølvsagt ikkje heilt kosher å samanlikne alt nytt med det gamle, men slik er det no ein gong. Ta til dømes Black Album av Metallica; det er strengt tala ikkje eit dårleg album, men du verden kor annerleis det er frå dei fire foregåande, og det er umogeleg å ikkje bli skuffa over retningsendringa dei gjorde der.

Nuvel, no er det Steak Number Eight det gjeld. Kosmokoma er ein god time med vellyd. Det er det ikkje tvil om, og det er ei god blanding av band eg har høyrt ein del på. Tankane går ofte til band som Baroness, Tool, og til og med Voivod. Her er det berre og sette seg tilbake og lytte. I tillegg har plata den beste låta som er gjett ut i år! Gravity Giants er ingenting anna enn eit mesterverk. Den har det seigaste og mest brilliante riffet eg har høyrt på fleire år. Om eg berre skulle anmelde den songen, hadde det blitt ein soleklar 10 av 10. Plata er verdt pengane eine og åleine basert på Gravity Giants. Seks minutt og trettito sekund med pur glede.