N.V. er ikkje eit album for kvarmannsen. Dette er musikk som krev eit villeg og vant øyre for å nyte. Men for dei som er van med svartmetall som er eksperimentell og støyande er dette eit forrykande album. Her finn ein monge av dei elementene som høyrer med i denne undersjangeren: dei tradisjonelle blast beatsene frå svartmetallen, nokre lydar og dialogar sampla frå andre stader, elektronisk støy frå synth og anna elektronisk utstyr, desperate skrik, samt eit massivt og intenst lydbilete ispedd industriakteg støy. Det krev sitt av lyaren!

N.V. kan virke som eit split-album mellom Gnaw Their Tongues og Dragged into Sunlight, men det er faktisk eit samarbeid der dei har laga musikken saman. Bandene har holdt på sidan 2005/2006, og har gjort ekstrem metall i sine respektive land, England og Nederland sidan. Bandene er veldig ulike i oppsett. Gnaw Their Tongues er i utgangspunktet eit einmannsband, medan Dragged Into Sunlight er meir eit kollektiv enn eit band.

Nuvel, tilbake til det musikalske. Dette er so mørkt og dystert at ein nesten blir sittande å sjå seg over skuldra etter Styggen sjølv. Bandene har klart å få til ei atmosfære av uhygge og kulde som er fabelakteg. Det får meg nesten i same stemning som eg får når eg høyrer Ordo Ad Chao av Mayhem. Det er rett og slett musikk eg ikkje anbefalar sucidale personar å sette på, eg vil til og med gå so longt som å fraråde slike personar i det heile å tenke på å sette på denne plata. Dette er eit album eg kun kjem til å kunne høyre på når eg er i godt humør! Det er fantastisk korleis dei klarer å presse so mykje angst og depresjon inn i musikken. Eit godt døme på dette er sporet Strangled with the Chord. Berre tittelen åleine fortel mykje om at dette ikkje er lystege saker.

N.V. er eit kort album; det klokkar inn på 32 minutt. Det er kanskje like greit? Opplevelsen av ei gjennomkøyring av N.V. er so intens og emosjonelt utmattande at noko meir hadde nok blitt for mykje av det gode … Det er eit meget godt album, men eg ville ikkje anbefalt det som ein inngang til metallverda. Til dei invidde: løp og kjøp! Klassikar!