Å kalle opp eit noise-rock-band etter ei søppelfylling er intelligent. Hadde det vore ein verkstad eller eit industriområde, hadde det vore genialt. "Årdal" kunne til dømes passa ypparleg òg. Det gjer eit slags godt frampeik til kva ein kan vente seg av musikken. Støyete, monotont, intenst og til tider kakafonisk.

Når det er sagt, har nok Årabrot utvikla seg utvikla seg mykje musikalsk sidan albumdebuten Proposing a Pact with Jesus i 2005. På The Gospel er det ikkje mykje att av den industrielle støyen frå starten og det høyrest nesten ut som eit nytt Årabrot i samanlikning. Dette er dei nok veldig medvitne, og seier sjølv (via plateselskapet Fysisk Format) dette om utviklinga: «The Gospel markerer starten på en ny era i Årabrots utvikling, fullbyrdelsen av et skifte som har vært antydet på de siste EPene I Modi og You Bunch of Idiots.» I dag er dei mykje meir over i sludgen eller post-punken, kanskje til tider heilt til (mørk) pop og rock til og med.

Musikalsk er det mykje større fokus på vokalen på The Gospel enn tidlegare. Vokalen minner meg mykje om Kristoffer Rygg sin vokal på Ulver-albumer Themes from William Blake's The Marriage of Heaven and Hell. I tillegg er som sagt det industrielle nesten heilt vekk, og det gjer nok at dette albumet er mykje meir tilgjengeleg enn tidlegare Årabrot-album. Faktisk synest eg det er litt vanskeleg å plassere albumet i ein sjanger. Årabrot har vunnet Spellemannspris for beste metall tidlegare, men på The Gospel er eg usikker på om dei fell innanfor den kategorien eller om det er rock. Om ein på død og liv skal plassere dei i ein bås, då … Dei fleste songane har element av litt ymse. Ta til dømes Tall Man. Den kan i enkelte parti lett kunne blitt plassert til og med i pop (om enn av den mørkare sorten) og andre parti er inn i metallen. Varierande musikalsk, nesten på grensa til det personleghetsforstyrra. Dette er ikkje feil, altso. Eg likar det. For eit anna godt døme på variasjonen på albumet kan ein berre samanlikne sistelåta, Rebekka (tragoedie) (ein slags metal/rock-variant av The Shangri-Las sin Leader of the Pack), med Faustus, som er ein ti-minuttar av meir den klassiske metallsorten. Eg synest desse to songane mot kvarandre gjer eit godt bilete av The Gospel: sjangermessig varierande.

Alt i alt er The Gospel eit godt gjennomført album som er innom mange ulike musikalske variantar, og eg ser ikkje vekk frå at albumet blir nominert til ein Spellemannspris!