Sarke er ei sokalla supergruppe med medlemmer frå det norske metallmiljøet. Bandet spring ut frå den musikalske hjerna til Thomas ”Sarke” Bergli frå Khold og Tulus. Bergli trakterar bassen og har med seg Nocturno Culto frå Darkthrone på vokal, Steinar Gundersen frå Satyricon på gitar og Anders Hunstad frå El Caco på keyboard. På Bogefod har dei i tillegg med seg Asgeir Mickelson frå bl.a. Abyssic og Thornbound på trommer, og den norske folkesongaren Beate Amundsen.

Musikalsk er Bogefod ei blanding av svartmetall og thrash, med enkelte element av doom. Det er dog ikkje heilt enkelt å plassere albumet i ein spesifikk sjanger, for stilen varierar nesten frå song til song. Variasjonen kjem ekstra godt fram når eg høyrer på låtane Burn og Dawning. Sistnemnde er meir operette enn metall, godt hjelpt av den vevre og klare stemma til Beate Amundsen. Variasjonen til trass; Sarke klarer å skape ein sound som går att som ein raud tråd. Spesielt likar eg riffinga.

Grunnen til variasjonen er nok at Bogefod er eit konseptalbum som fortel historia frå Eyrbyggja-sagaen om karakteren Torolv Bogefod, og det musikalske skal bygge opp under dynamikken i historiefortellinga. Kort fortalt er handlar albumet om Torolv Bogefod som stig opp frå dei døde etter ein stygg død og heimsøker ei bygd med vald og fordervelse. Ei tusen år gamal zombiehistorie ikkje mindre! Både Sarke og Bogefod er med i filmen Saga av Jørn Steen. Filmen er bygd på same Eyrbyggja-saga, og er ein film med svartmetall, vikingar, motorsyklar og zombiar! Eit strålande konsept, spør du meg.

Bogefod er ikkje verst, men det rekk ikkje heilt opp for meg. Sarke har laga eit godt konseptalbum basert på ei spanande vikinghistorie, men variasjonen gjer det litt for springande; nesten personleghetsforstyrra. Nå det er sagt likar eg kombinasjonen av svartmetall og thrash, og på Evil heir får eg sterke assosiasjonar til Slayer, og det er aldri feil. Men det er eit stykke opp til debuten Vorunah!