Sjølv om Gojira har holdt på sidan 1996 og ga ut sitt fyrste album, Terra Incognita, i 2001, var det fyrst med det fabelaktege The Way of All Flesh i 2008 at Gojira dukka opp på min radar. Det var det umiddelbare ballesparket frå tempo, teknikk og musikalitet som gjorde at eg digga albumet. I tillegg hadde Gojira eit lydbilde og ein særeigen sound som eg ikkje hadde høyrt før; som var fabelakteg befriande. I ein sjanger det er vanskeleg å vere original, klarte Gojira å skilje seg ut som ein mann utan skjegg på Grünerløkka.

Då eg fyrst høyrte dei to singlane, Stranded og Silvera fekk eg ikkje den umiddelbare Gojira-kjensla. Det var ikkje like gjenkjenbart. Kva hadde skjedd? Korleis kom Magma til å bli? Hadde dei gjett slepp på det originale og det "gojiraeske"? Eg må seie eg var spent då eg skulle høyre gjennom albumet fyrste gongen. Eg pusta letta ut; det var ikkje vankeleg å kjenne att Gojira likevel. Og eg forstår ikkje no kvifor eg ikkje kjente det att med ein gong. Når det er sagt, det er det albumet dei høyrast minst ut som Gojira. Det beste dømet er tittellåta Magma. Det er ein meget god låt, og viser godt kor tekniske og musikalske desse franske gutane er. Men eg høyrer minst like mykje Voivod og Kiss anno Music From the Elder som Gojira.

Generelt sit eg att med ei kjensle av at Gojira har roa ned tempoet, blitt litt mindre harde og generelt har eksperimentert meir med soundet sitt. Heldigvis har ikkje det gått utover kvaliteten. Dei har levert eit godt album! Eg likar det og Magma kjem til å få ein del spelingar framover. Favorittspor er Magma, Silvera og Stranded. Og det siste sporet, Liberation kunne dei ganske enkelt ha droppa! Dørgande kjedeleg!