Sorceress er det tolvte studioalbumet til Opeth, og dei held fram i si utforsking av progen. Albumet er produksjonsmessig og musikalsk meget godt handtverk. Det er mange som meinar bandet har fjerna seg for langt frå sin unike versjon av dødsmetallen og difor ikkje likar dei lenger. Desse kritikarane har sjølvsagt heilt rett i at Opeth ikkje lenger er noko dødsmetallband lenger, kanskje er det ikkje metall heller lenger? Det kan sjølvsagt diskuterast om det er bra eller dårleg, men at dei fem svenskane er enormt kapable musikantar er det ikkje nokon tvil om!

Sorceress opnar med Persephone som er ei kort, klassiskinspirert kassegitarlåt, og avsluttast med Persephone (Slight Return) som er ein kort pianoutro (om du då ikkje har ei limited edition-utgåve, som til dømes den som ligg på Spotify). Desse to låtane pakkar enkelt og greitt inn heile albumet.

Vokalist og låtskrivar Mikael Åkerfeldt har sagt om låtskrivinga (det er stort sett han som skriv og lagar all musikken) til Sorceress at han prøvde å skrive ei variert plate. Det har han virkeleg klart å få til. Det er til dømes skilnaden mellom introsporet og spor to Sorceress eit meget godt døme på. Opninga er somber, var og sonateakteg, medan det påfølgande sporet har harde, rå, piggtråakteg gitarar. Når det er sagt er det stor variasjon innanfor kvar enkelt låt òg. Det er for øvreg ikkje noko nytt. Dei fleste songane til Opeth har hatt ei dynamisk og variert oppbygging med harde riff og mjukare, meir melodiøse parti om kvarandre. Dei har alltid hatt eit heilt spesielt lydbilete; ein heilt eigen signatursound. Både pre- og post-Heritage; det har alltid vore enkelt å høyre om ein låt er Opeth eller ikkje. Eg har aldri klart å finne noko anna band som har musikk som er liknande til dømes Ghost Reveries eller Blackwater Park (og tru du meg; eg har leita!). Og no slit eg like mykje med å finne noko band som kan samanliknast med dei tre siste albumene. Det likar eg. Dette er ikkje hyllevare og masseprodusert skrimmel skrammel.

Er du blant dei som hadde håpa Opeth skulle gå tilbake til dødsmetallen, må eg diverre skuffe deg. Bortsett frå at det er eit par spor som har parti der det vokalmessig lett kunne passa med litt god, gamal growling, som til dømes The Wilde Flowers, er det ikkje noko av den gamle metallen. Sorceress er eit vidare djupdykk inn i progen. Umiddelbart var eg litt skuffa over albumet, men no har eg høyrt gjennom det ein del, og eg likar det berre betre og betre. Høgdepunkt: Sorceress, The Wilde Flowers og Era.