Eg er stadig på jakt etter ny og spanande musikk. I det siste har eg ofte tenkt at det ikkje er so lett som det var før, eller at det stort sett er gamle røvarar som leverar gong etter gong. Det akkurat som om det er lenger mellom dei nye, gledelege funnene. I dag oppdaga eg dog Sibiir. Eg burde nok ha høyrt om dei før, sjølv om dei ikkje har holdt på lenger enn sia 2014. Dei spelte faktisk på Øya i 2015 utan å ha gjett ut eit einaste heilt album. Berre tospors-EPen Swallow & Track Them.

Sibiir er ein kvintett som består av medlemmer med fartstid frå band som Sigh & Explode og Jack Dalton. Musikalsk er likevel Sibiir noko heilt anna. Dette er musikk som gjer meg umiddelbar fot og eg blir sittande og nikke taktfast til dei feite riffene. Det fyrste som slo meg var at Sibiir er Kvelertak som har fått i seg ei god dose testosteron og godt med hår på nøttene!

No har eg berre hatt ei gjennomlytting av Sibiir, men eg må seie at dette likar eg meget godt. Det er so mykje musikkglede i kvar ei låt, og det har so mykje aggressivitet og attidtude at eg blir varm om hjartet. Eg diggar korleis dei klarer å kombinere melodiøs riffing og musikalske vendingar med den aggressive bjeffinga/snerringa/skrikinga. I tillegg har dei klart å gje seg mens leiken er god på kvar song. Har songen tre gode minutt, held ikkje Sibiir på eit sekund lenger. Det er digg. Ta til dømes Beat Them To Death; klokkar inn på 2:32! Eg er den fyrste til å innrømme at eg likar lange songar, men då må dei ha lengda i seg. Eg får seie som ho mor alltid sa; det er viktig å gje seg mens leiken er god. Det har Oslokvintetten klart med glans! Iallfall på låtane. Dei kunne faktisk kanskje kutta ein eller to låt mot slutten av plata, sidan dei to siste trekk litt ned heilhetsinntrykket for meg.

Umiddelbare favorittar er Bekmörke, The Silence Of The Seagulls (som har utruleg groovy og feit riffing, godt over i sludgen) og Beat Them To Death. Dette trur eg er meget kult live!