De Mysteriis Dom Sathanas blir av mange sett på som eit av dei aller mest innflytelsesrike svartmetallalbumene gjennom tidene. Denne liveinnspelinga blei gjort då Mayhem spelte albumet live frå start til slutt for fyrste gong i historia. Opptaket er frå Black Christmass Festival i Norrkjöping i Sverige 18.12.2015.

Eg var og såg konserten då Mayhem spelte på Sentralen i november, og det var ein meget kul konsert. Dei hadde klart å gjenskape mykje av atmosfæra frå originalinnspelinga, og tilførte ekstra stemning med god bruk av røyk og effekter. Det å spele De Mysteriis Dom Sathanas live fungerte veldig bra. Men ... Det er eit veldig stort "men" ved De Mysteriis Dom Sathanas Alive. Og veldig mange andre livealbum for den saks skuld. Problemet blir at innspelinga åleine ikkje tilfører noko nytt til originalane. I dette høve vil eg mykje heller sett meg ned og høyrt på De Mysteriis Dom Sathanas frå 1994. Musikalsk er det slett ikkje noko å utsette på livealbumet, problemet mitt er berre at alt er tilnærma likt, bortsett frå at lyden på originalalbumet er mykje betre. Og her er eg ved kjerna i mitt noget anstrengte forhold til liveinnspelingar; om dei ikkje tilfører noko nytt til det opprinnelege, kva er då vitsen? Det fins sjølvsagt livealbum som er verdt pengane, men oftast er det frå konsertar der ein ikkje spelar berre ei plate, og ofte er det dei songane som er mest ulike originalane som er dei beste. Eller coverlåtane. Sjekk til dømes The White Stripes sin geniale liveversjon av Jolene, eller Sepultura sin legendariske liveversjon av Orgasmatron.

Det var ikkje lett å skulle sette karakter på De Mysteriis Dom Sathanas Alive sidan musikalsk er det ikkje noko å pirke for mykje i, men som livealbum føler eg at det ikkje fungerer. Det er for lite som får meg til å kjenne på livestemninga. Litt jubel og applaus mellom eit par av låtane er ikkje nok. Dessutan er det dårleg klipt slik at det blir litt kjappe og hakkete overgangar mellom låtane. Det er litt leit, for konserten på Sentralen var so bra!