Der fins nokon som klarer å få til mykje på det som kan virke som kort tid. Gutane i Fight the Fight er ikkje gamle karane, men har allereie opplevd og fått til mykje. Det er kanskje vanskeleg å tru at fem kompisar i starten av 20-åra har holdt på i meir enn eit tiår, men det har dei jaggu. Dog dei aller fleste åra under namnet Faenskap. Dei har spelt på dei aller største festivalane i Noreg og turnért Europa med både Avenged Sevenfold og Satyricon. Dei har spelt fleire hundre konsertar, og dei haustar massiv ros og lovord frå blant andre Metal Hammer UK for sine fenomenale liveopptrednar.

Fight the Fight er ei plate som er gjennomgåande godt produsert. Det er godt handtverk frå start til slutt, og den lange fartstida dei har saman har gjort dei til ein godt samspelt gjeng. Riffa sit som dei skal og alle overgangar går smertefritt utan tendensar til feil eller slurv. Dei skal òg ha skryt for enormt god teft for riffskriving; plata er rifftung og har den rette «piggtrådlyden» slike riff skal ha. I tillegg leverer dei eit album som vitnar om stor speleglede og ein lidenskap for det dei driv med.

Likevel når det diverre ikkje heilt opp ... Eg har so lyst til å vere positiv og glad i alle nye band som klarer å kome seg opp og fram. Som anmeldar skal eg prøve å vere so objektiv og nøytral som mogeleg, men det er ikkje til å unngå å tenke på band som Linkin Park (grøss!), Korn (gru!) og andre numetallband (tvi!). Sjølv om Fight the Fight heldigvis er hakket over desse. Songane fungerer aller best når dei er aggressive og lenar seg på riffinga og den growlete og skrikande vokalen. Då er det heilt topp, men so går det over i meir allsangakteg og rolege parti. Då dett eg ut. Ta The Edge: det fyrste minuttet er det tøft og dei går ut med gassen i bånn, men etter eit godt minutt går dei over i eit refreng med clean vocal, i staden for å gå enno hardare ut. Og dette har eg høyrt før. Ofte. Eg blir litt skuffa, rett og slett. Og kva i all verden tenkte dei på med låta This is War? Kva gjer ei slik balladeakteg låt på eit album som i utganspunktet er sopass aggressivt?

Men alt i alt er det ei fengande og godt gjennomført plate som eg er sikker på vil treffe mange fans der ute. Og at dette er dyktige musikarar er det ikkje tvil om. Difor kan eg ikkje gje noko mindre enn 6 av 10. Live er nok Fight the Fight uansett ei oppleving. Her er mykje driv og vilje! Men for meg blir det litt for kjedeleg og lite originalt.