Nidingr er eit band med utruleg lang fartstid, men med ein mykje mindre katalog av studioalbum enn ein kanskje skulle tru. Iallfall med tanke på at dei har holdt på sidan 1992, då gitarist Teloch starta det som eit soloprosjekt. Heilt frå starten av var det svartmetall som var sjangeren, men i den seinare tida har det hella meir og meir mot dødsmetallen. Og eg synest The High Heat Licks Against Heaven er eit utruleg godt biletet på denne utviklinga.

Albumet startar med den tvers gjennom svarte Hangagud med blastbeats, enerverande gitarar og snerrande svartmetallvokal. So blir låtane gradvis meir og meir prega av dødsmetall, og mot slutten til og med det eg faktisk vil kalle rein doom i låta Naglfar is Loosed. På denne har dei fått med seg Myrkur til å kore.

Eg er imponert over det Nidingr har fått til med The High Heat Licks Against Heaven. Måten dei bruker låtutviklinga på å speile den musikalske reisa dei har vore på sidan den spede starten i 1992! Og produksjonen er strålande. Dei klarer å begrense den skitne lyden til akkurat so grumsete at det er heilt på grensa til å bikke over i det overdrivne utan å falle for freistinga. Ein annan produksjonsmessig genistrek er samspelet mellom lyden på bassen og gitaren; få med deg kombinasjonen i låta Heimdalargaldr. Høyr spesielt i overgangen etter 26 sekund og dei siste to sekunda på heile låta (dette går dessutan att gjennom låta). Genialt!

Albumet blir berre betre og betre for kvar gong eg høyrer gjennom det. Det er faktisk litt vanskeleg å finne ein favoritt, men Ash Yggdrasil har segla opp til å bli det. Den er rett og slett ei doomperle, med gjestevokal frå Garm (Kristoffer Rygg frå Ulver). Eg blir ikkje overraska om denne kjem til å vere høgt oppe på lista over dei beste låtane i 2017 for min del!