På Musikkens Dag for eit par år sidan var eg på ein bar i Oslo og koste meg på det som var metallscena for dagen. Eit av banda som spelte då, var Hymn. Dei gjorde ein knallhard og fantastisk halvtime som bokstaveleg tala nesten blåste meg av barkrakken i bakgården der eg sat. Kven var desse to gutane som utgjorde duoen Hymn? Kvifor hadde eg ikkje høyrt noko meir om dei. Når det er sagt, er eg relativt sikker å at det var dei som varma opp sist eg såg Slayer på Sentrum Scene. Då gjekk eg diverre glipp av dei. Eg har sidan ettermiddagen i ein bakgård i Oslo leita etter album frå Hymn, men har berre finne eit par låtar på Spotify. Det var difor med stor glede eg såg dei kom med album nyleg.

Perish er gjett ut av det finske plateselskapet Svart Records som har spesialisert seg på tung og mørk metall, men som etter mi meining burde vere flinkare på å marknadsføre og pushe musikken dei gjer ut. Nok om det. Perish er 46 minutt med pur musikalsk mørke. Eg har latt meg imponere av duoar som får so mykje musikk ut av to instrument tidlegare. Like so med Markus Støle og Ole Rokseth som utgjer Hymn. Det kan vere at sjangeren let seg godt utnyttast som duo, men bra er det iallfall. Sjekk til dømes ut duoen Bell Witch.

For å bli ferdig med det eg ikkje likar med Perish fyrst som sist; eg kan ikkje fatte og begripe kvifor ein brukar 1 minutt og 46 sekund på ein intro som Ritual. Det er jo stort sett berre svak, svak lyd. For meg er det mest irriterande! Men, når den går rett over i den 12 minutt og 19 sekund lange Rise er irritasjonen borte som ein jomfrudom på eit fransk horehus. Dette er seigt, mørkt og utruleg godt gjennomført. Eg likar veldig godt den desperate skrikinga til Rokseth; angstfylt og full av aggresjon og depresjon, akkurat slik eg føler ein god doom-vokal skal vere. Elles er det berre å ta av seg hatten for god produksjon. Gitarane har fått ein fyldig og god piggtrådlyd (eller chugging som vi kalte det i gamle dagar) som ligg som eit røft og rusta jernteppe under det heile, og trommene til Støle hamrar inn spikar etter spikar i dette jernteppet.

Det er faktisk ikkje mogeleg for meg å skulle plukke ut noko favoritt frå Perish. Alle låtane (om ein ser vekk frå introsporet …) er meget gode. Eg blir sittande og smile kvar gong eg høyrer gjennom dette albumet. No er det kanskje litt rart å sitte å smile som ein ravande gal mann til slik depressiv og dyster musikk, men når det er so godt gjennomført og balansert kan eg ikkje anna. Hadde Hymn berre droppa Ritual kunne nok dette blitt full pott!