På hausten i 1990, mens MTV faktisk framleis viste musikkvideoar, såg eg Cowboys From Hell av Pantera på det eminente metalprogrammet Headbangers Ball. Det var eit av dei store, definerande augneblinkane i oppveksten. Den aggressive og beint fram sinte musikken til desse fire gutane frå Texas var ei openbaring. Groove metal har aldri kunne toppa akkurat dette albumet.

Gutane i bergensbandet Once Awake leverer på Ever so Cold groove metal av tidvis høg kvalitet. Her har dei dradd på med feite gitarriff og synkoperte trommer, og den sjangerklassiske skrikande, sinte vokalen er stort sett på plass. Tittelsporet Ever so Cold er eit av dei sporene der Once Awake leverer varene godt.

Diverre slit dei litt i dei "rolegare" låtane som Devils Institution (og burde det strengt tatt ikke vore ein apostrof i «Devil's»?). Den elles so teknisk kapable gitaristen snublar litt i klimpringa. Noko han òg gjer i mellomspelet i Endless Waves. I tillegg klarer ikkje vokalisten å nå heilt opp når han går over til clean vocals, som i til dømes Martyr for Freedom. No kan det vere at dette skuldast at Once Awake har brukt tre ulike vokalistar på Ever so Cold og ikkje heilt klarte å treffe heilt blink. Ein god groove metal-vokalist må kunne meir enn å skrike, noko Phil Anselmo har bevist gong etter gong.

Det er sjølvsagt blodeg urettferdig å samanlikne Once Awake med Pantera, men dei har no ein gong gjett ut eit album i groove metallen, og lyt då berre innfinne seg med å bli sett opp mot pionerane! Ever so Cold er slett ikkje eit dårleg album, men alt set ikkje der det skal, og mykje blir litt likt. Likevel har eg stort sett kost meg kvar gong eg har satt på albumet. Det kan bli spanande å følge bergensbandet vidare!