Arkansas-kvartetten Pallbearer er ute med sitt tredje studioalbum og dei held fram med doommetall av den gamle sorten. Her er nikk til både tidleg Black Sabbath, Candlemass og Saint Vitus. Det er tydeleg kvar amerikanarane hentar mykje av inspirasjonen sin frå. Heartless går ikkje langt ut over sjangermalen sin og dei held seg til det dei kan.

Albumet er meget elegant og godt produsert med silkemjuk lyd som tek lyaren knirkefritt gjennom låtane, ein etter ein. Balansen mellom det musikalske og flytande står i flott harmoni til gitarriffene, samtidig som dei klarer å få kontrastane til stikke seg enno tydelegar fram mellom piggtrålyden i gtiarane og resten av instrumentene. I akkurat denne smoothe produksjonen ligg nok likevel ein av dei tingene eg har å utsette på Heartless; Den blir rett og slett for polert og høyrast mykje meir kommersiell ut enn dei to foregåande albumene dei har gjett ut.

Eg hadde håpa at Pallbearer skulle gå litt den andre retninga etter Foundations of Burden som kom i 2014. Dei kunne med fordel ha dratt det litt mot den mørkare og dystrare retninga for å virkelig få utvikla lyden og uttrykket sitt. Då trur eg dette kunne blitt veldig bra. Dei er jo gode musikarar som leverer kvalitetsmessig gode presentasjonar. Når dei likevel gjekk den retninga dei gjorde denne gongen, hadde det gjort so utruleg mykje meir for heilheta om berre vokalist Brett Campbell hadde dradd på litt ekstra av og til. Virkelig gått all in med litt glamhyl ala King Diamond eller Jim Gillette. Då hadde det fått litt etterlengta umpf! Dette blir rett og slett litt for kjedeleg i lengda.

Men, Heartless har sine lyspunkt. Til dømes er overgangen og passasjen mellom ca. 3:30 og 4:00 i opningslåta I Saw the End utruleg kul. Og tittellåta Heartless er slett ikkje dum. Diverre er ikkje dette nok til at eg let meg begeistre.