Live-album: kva skal man eigentleg meine? Dette er for meg litt ambivalente greier. Skal det vere prega av at det faktisk er eit konsertopptak med publikum som hoiar og høyrast jamnt over? Eller skal det høyrast ut som eit studioopptak? Den interne debatten er stadig pågåande hjå meg. Å vere til stades på konserten er sjølvsagt å foretrekke, men det er ikkje alle som har sjansen til å kome seg dit, og då er det jo topp kunne få med seg konserten på denne måten. Ei anna positiv side med slike album, er at ein ofte får dei beste låtane på rad og rekke utan å bli forstyrra av dei lit mindre bra.

Cult of Luna kom for ikkje lenge sidan ut med konsertopptak frå Paris. Live at La Gaîté Lyrique: Paris. Dette er neste to timar med mykje av det aller beste materialet til CoL. Iallfall den fyrste delen av konserten. Den siste halve spelar dei rett og slett Somewhere Along The Highway. Sjølv om dette albumet blei rangert som topp fem i 2006 av Decibel, synes eg faktisk det hadde vore enno meir spanande om dei spelte Vertikal i staden, der blant anna eit av dei beste låtane frå konsertopptaket i Paris, I:The Weapon, er. Vidare føl dei opp med nok ein høgdare med Waitin for You frå Salvation. Desse to låtane saman gjer eit meget godt bilete på det eg likar med Cult of Luna. Den atmosfæriske og ofte monotone metallen lullar ein inn i ei behageleg stemning som eg er heilt sikker på var meget bra live.

Det er heller ikkje noko tvil om at Umeå-bandet veit kva dei driv med. Dette er musikalsk godt handtverk, og det er lite som tyder på at dei ikkje er i studio når dei spelar inn. Lyden, produksjonen og musikkteknisk er det på høgde med studiokvalitet. Dette er atter ein gong bra og mindre bra. Om det ikkje er noko skilnad på eit konsertopptakt og eit studioalbum, kva er då vitsen? Joda, ein høyrer publikum mellom låtane, men er det so viktig? Lys, lyd og andre visuelle detaljar forsvinn jo! For meg blir det litt som å lese om korleis melkesjokolade smakar i staden for å fysisk putte sjokoladen i munnen og kjenne sjølv … For all del, moro å høyre det, so det får ein høg karakter frå meg.

PS: Det er òg ute ein DVD med opptak frå konserten!