Det finnast nokre musikarar som eg alltid knyter store forventningar til. Eine og åleine fordi dei har gjort seg fortent til det gjennom å ha laga musikk som har gjett meg mykje, og som eg meiner stort sett ligg eit godt hestehovud over snittet for musikk som blir gjett ut her i verda. Ivar Bjørnson er ein av desse. Bjørnson har trass alt vore med å starte Enslaved og vore med på å gje oss album som Isa og Blodhemn. BardSpec kjem i morgon med albumet Hydrogen, og Bjørnson er primus motor bak prosjektet. BardSpec blei lansert under Roadburn i 2015, og har sidan den gong utvikla seg til eit fullt band.

I presseskrivet frå plateselskapet, står det at BardSpec "kombinerar spanande, halusinatoriske synthlydar med kvikksølvaktege gitareffekter og hypnotisk rytmer som navigerar gjennom draumeaktege landskap". Det stemmer for so vidt, men eg syntes diverre dette blei veldig likt heile vegen; det blir dei same rytmene, dei same gitarane og det same draumelandskapet. Eg sleit med å skilje låtane frå kvarandre, og eg sat med ei kjensle av déja vu for kvar nye låt eg kom til. Det verste var den eine gongen eg nesten var sikker på at eg sto i ein heis ...

Eg applauderar alle som prøver noko nytt; ein ny sjanger, eit nytt instrument, eit nytt plateselskap osb. Eg diggar folk som går utanfor komfortsona og er villege til å gå litt på trynet. Det er berre so trist når dei ikkje klarer å få det ordentleg til. Eg saknar meir dynamikk og variasjon i musikken. Det heile blir monotont frå start til slutt. Eg saknar òg meir mørkre og dei dystre atmosfærene Bjørnson har fått godt til med Enslaved. Det hadde tilført Hydrogen ein heilt ny dimensjon om bandet hadde klart å skape meir dystopi ut av det.

Det er med tungt hjarte eg gjer BardSpec og Hydrogen ein 4 av 10. Eg hadde håpa at dette skulle vere noko nytt og spanande, men den gong ei. No var dog dette det fyrste albumet, og det er lov til å håpe at dei veks seg inn i det ved seinare plateslepp. Eg kjem iallfall til å følge med, og håpet vil alltid vere der! Og du: likar du gode gamle Enigma frå 90-talet, kan det vere du diggar denne plata!