Minimalisme kan faktisk vere majestetisk. For meg hittil ukjente Big|Brave kjem 15. september ut med sitt tredje album, Ardor. Ved fyrste augekast på sanglista tenker eg at dette er vel ein EP. Tre låtar? Ved nærare ettersyn ser eg at kvar låt varer over 11 minutt. Det er likevel ikkje berre i antal låtar at Ardor er minimalistisk. Trioen frå Montreal bruker stort sett berre to gitarar og trommer samt vokal for å skape tung, seig doom/drone/sludge.

Det som fangar meg mest med Ardor er den såre og intense vokalen til Robin Wattie. Dei to gitarane er som ei seig masse med tjære som buldrar sakte framover. Eller som å sjå på lava som sakte smeltar seg ned ei fjellside; mektig og ustoppeleg med ei naturleg kraft over seg. Oppe på dette teppet av langsame takter (for dette går verkeleg treigt), kjem stemma til vokalisten overraskande på. Fyrste gongen eg høyrte vokalen kome inn på opningssporet Sound, kvapp eg til. Dette var ikkje i det heile tatt det eg venta meg. Men fytti grisen kor det funkar! Denne vevre, lyse stemma til Wattie sit som eit skot i sterk kontrast til dei seige, mørke gitarane. Stemma hennar blir til eit ekstra instrument, og eg tek meg i å berre høyre på klangen og lyden til vokalen, og heilt gløyme teksten. I tillegg klarar ho å bruke stemma og tekstlege finessar utruleg oppfinnsamt, og skapar fleire interessante opplevingar. På andresporet, Lull, kjem det mest magiske på heile plata mellom 9:36 og 9:42. Det er slike augneblink som gjer meg frysningar, og eg som gjer at elskar musikk! Sjekk det ut!



Ardor er eit album ein kanskje best kan beskrive som ei god blanding mellom doom- og dronemetall, med ein dæsj sludge. Eg tenker på både Bell Witch og Sunn O))) når eg høyrer på dei tre spora. Hadde dette albumet kome ut i 2013, hadde det nok vore øvst på mange av listene for årets album. 2013 var jo eit år der denne type musikk fekk mykje merksemd og spalteplass. Eg er likevel glad for at den kjem ut no. Det betyr for meg at kvalitetsmusikk er kvalitetsmusikk og er heilt uavhengig av hypar og trendar.