Av og til er det digg å bryte ut av mønsteret. Av og til er det viktig å stige ut av bobla si og sjå seg om utanfor. Av og til treng eg å prøve musikk får andre sjangrar enn eg kanskje normalt held meg til. God musikk er god musikk heilt uavhengig av sjanger, ta til dømes Toxic av Britney. Ein veldig kul låt, men frå ein artist der eg ikkje hadde venta meg noko slikt. Musikken til Chelsea Wolfe er heldigvis mykje meir stabilt bra, og sjølv om eg kanskje skjenar litt utanfor «komfortsjangersona» mi her, er det eit mørke og eit snev av desperasjon i musikken på Hiss Spun som eg kjenner godt til frå før.

Kjenner du ikkje til Chelsea Wolfe seier du? Har ikkje høyrt musikken hennar før, trur du kanskje? Vel, om du har sett traileren til fjerde sesong av Game of Thrones har du høyrt Feral Love av henne, og Carrion Flowers blei brukt i traileren til Fear the Walking Dead. So du har nok høyrt henne før, ja. I tillegg har ho gjort ein god del gjesteopptrednar for ulike artistar, no sist på eit par av låtane på det nye albumet til Myrkur. Musikalsk minner Chelsea meg veldig om PJ Harvey.



Hiss Spun er det sjette albumet til Wolfe. Albumet opnar ganske tungt med den rocka og sludgy Spun, og held seg i dette lydbilete eit stykke ut i albumet. Det er sårt og tungt og dystert. Wolfe sjølv seier at ho har prøvd å gå i seg sjølv for å finne sin indre skjønnhet, sidan livet og verda er so full av faenskap og elende og drit. Ho ville lage eit album ho og lyaren kunne rømme med, låtar som berre er om å vere i seg sjølv og slik kunne vere fri. Etter kvart roar tempoet og gitarane seg mykje ned og låtane blir enno sårare og forsiktige. Twin Fawn er eit godt døme på dette. Låta er veldig strippa i enkelte parti, og mektig i andre parti, og har ein fabelakteg dynamikk gjennom alle seks minutta den varer.

Eg synest Hiss Spun er eit meget godt album som klarer godt å beskrive eit sinn som er full av både desperasjon og glede, av dystopi og av håp. Eg sit med eit inntrykk av Chelsea Wolfe som ei som ser mørkt på framtida, men som har lyst til å håpe; som har lyst til å tru at alt skal gå bra til slutt. Albumet er veldig syklisk og beskriv godt korleis stemningar og humøret til ein person kan gå opp og ned. Hiss Spun er rett og slett eit godt bilete på dynamikken til Livet.


Hiss Spun er ute fredag 22. september.