For snart eit år sidan anmeldte eg Bogefod som er forrige albumet til norske Sarke. Då var eg middels nøgd. Det blei litt for oppstykka og varierande for meg. 13. oktober slepp dei sitt femte album, Viige Urh. Som sist, er dette òg eit slags konseptalbum, men ein føl ikkje ei spesiell handling denne gongen. På dette albumet ser ein meir ein raud tråd i tematikken i låtane; dei beskriv alle ei tid som har vore, ei tid som allereie er opplevd og som ikkje kan endrast på. Viige Urh skal visstnok bety «tid som har vore». Eg blir mest henført til ei slags fantasyverd, høyr berre på eit utdrag frå Upir: In a time of constant war, they fought the empire, defending their arrogance, lost and reclaimed their throne. Her ser eg for meg sverdsvingande heltar og mørke intriger ala Game of Thrones.

Strengt tala er Viige Urh musikalsk veldig lik forrige album, men det er likevel ein stor skilnad. Det er veldig rart at noko som er so likt kan samtidig bli so forskjellig. Songane har ein struktur som ikkje skil seg spesielt frå sist; feite og seige gitarriff som har element frå thrash, doom og sludge, eit stødig komp som ligg og held det heile saman og heile tida framoverlent, og samtidig spanande synkopert. Og det heile krona med den kalde, raspande svartmetallvokalen til Nocturno Culto på toppen. Det var jo akkurat det dei gjorde på Bogefod òg, men denne gongen funkar det so mykje betre. Delar av svaret ligg kanskje i produksjonen. Lyden er enno litt grommare og grimmare på Viige Urh og alt er liksom litt tightare og gjennomført.

Sarke har med Viige Urh levert eit gjennomført meget godt album. Eg har sikkert høyrt den 20 gongar no, og den blir berre betre og betre. Eg høyrer nye ting kvar gong, og alle åtte spora er kule. Røft, musikalsk og drivande. Sarke har blitt kalla mid-tempo svartmetall, men det er eg delvis einig i. Ja, vokalen til Nocturno Culto er raspande og veldig i tråd med svartmetall, men for meg er gitarane og kompet mykje meir thrash og sludge. Og denne kombinasjonen av to stilar likar eg veldig godt. Og spesielt har dei klart å ta den eit hakk lenger enn sist på Viige Urh ta til dømes Upir. Samtidig synest eg at Sarke er litt «lystigare» på dette albumet; høyr på opningsriffene på Age of Sail.

At Sarke er ein gjeng med musikalske menn er det ingen tvil om, det er mange spanande og fiffige fraseringar og musikalske augneblink her. Eg likar spesielt bruken av horn i Dagger Entombed. Det høyrast kanskje litt svulstig ut med horn i metall, men her funkar det veldig godt. Og eg elskar måten dei brukar disharmoniar for å skape eit kaldare og råare uttrykk! Til slutt må eg trekke fram samspelet mellom den iskalde og grimme vokalen til Nocturno Culto og den vakre, vevre stemma til Lena Fløitmoen i vakre Jutul. To kontrastar som virkeleg får kvarandre til å skine. Og atter ein gong kjem musikaliteten til bandet fram.

Dette er ei soleklar anbefaling!