Det er alltid høgtidsstemning når Enslaved slepp nytt album. Og i morgon, fredag 13. oktober skjer det igjen. Ein kan like eller ikkje like dei, men at dei er blant våre fremste metallband er det vel ingen som kan ta frå dei. Heilt sidan den spede starten i 1991, har dei vore med og satt premissane for den norske svartmetallen. Dei har vore med og utvikla denne sjangeren heile vegen, og nesten eigenhendig utvikla greina mange yndar å kalle vikingmetall Og i dei seinare åra har den svarte delen av progmetallen i stor grad blitt tatt opp og fram av Enslaved. Bandet har heile tida vore i utvikling, og meir og meir inn i akkurat denne progressive delen av metall, utan at dei har mista det som gjer Enslaved til Enslaved. Eg er veldig glad for at dei ikkje har kasta growling til Grutle Kjellson på båten! 14 album seinare, har dei med E levert nok eit album som uansett vil treffe fansen midt i headbangemusklane.

Musikkteknisk er det aldri noko å utsette på Enslaved. Dei leverer som alltid musikk som teknisk er nesten utilnærmeleg. Det er ei fryd å høyre gitarane leike seg gjennom synkoperte rytmiske krumspring, og får det til å høyrast so lett ut. Cato Bekkevold er som alltid den stødige klippa alle band treng i ein trommis, og leverer alt frå jazzaktige takter til kaskadar i svimlande tempo. Sidan sist har dei bytt ut Herebrand Larsen med Håkon Vinje på keyboard og clean vokal og dette er heilt uproblematisk og høyrest ut til å ha gått knirkefritt. Det er for øvreg ikkje noko dramatikk i at Larsen forlot skuta no. Han seier sjølv at det ikkje var ei lett avgjerd, men at han etter 13 år ikkje var 100 prosent dedikert lenger, og for å fungere godt nok i eit band som Enslaved, treng ein 100 prosent fokus. 99 prosent er rett og slett ikkje nok.

Eg er litt forundra over val av Storm Son som opningsspor. Fyrsteinntrykk er uhyre viktig, so òg for eit album. Eg må diverre seie at denne låta øydela dette viktige fyrsteinntrykket for meg. Kanskje hadde den passa betre midt i eller mot slutten? Grunnen til at ikkje likar songen er kanskje litt sær, men overgangen frå dei herlig atmosfæriske 47 sekundene i introen til sjølve songen funkar ikkje. Eg synes rett og slett den er veldig klønete! Skilnaden i tempo og uttrykk frå lydlanskapet med lur og stemmer, og spesielt hestevrinskinga akkurat i overgangen, til den enkle gitaren i songen er veldig rar. Det manglar flyt. I tillegg synest eg klimpringa på pianoet som går gjennom mykje av låta ikkje passar. Heldigvis tek E seg opp veldig utover. Spesielt godt likar eg Sacred Horse. Den har eit fantastisk driv og eit musikalsk tema som er noko av det beste eg har høyrt frå Enslaved på veldig lenge, og måten dei brukar det gjennom låta er meget kul. Midt i låta tek dei seg tid til å bryte ned heile låta, for so å bygge den opp att rundt dette temaet; frå ein heilt enkel, nesten spinkel gitarlyd i eit folkemusikkaktig gitarparti til noko majestetisk og buldrande. Gåsehud! Dette er mycket bra. Men so avsluttar dei med Hiindsiight. I utgangspunktet ein utruleg feit låt med nokre doom-aktige og deilig seige parti og jamnt over fine gitarar, og eg koste meg glugg. Heilt til eg 3:31 satte kaffien i halsen og slo haka hardt i bordet då gjeipen berre ufrivilleg opna seg. Saksofon?!? Nei! Nei! Nei!!! Og ikkje slik sint og aggressiv Shining-saks (som berre so vidt er hårfint innafor), men slik ekkel, gamal Kenny G-saks. Aiabaia!!! Automatisk minuspoeng.

Alt i alt er E eit godt album, men Enslaved har gjort nokon produksjonsval som eg stiller meg meget skeptisk til.