Gløym sjangrar! Gløym båsar! Gløym reglar! Gløym fordommar! Gløym middagen! Gløym tidsklemma! Gløym Game of Thrones! Gløym alt du skulle ha gjort! Gløym hjerna! Lytt med sjela og hjartet! Logg av verda og maset rundt deg i nesten 84 minutt med Mirror Reaper og du vil takke meg etterpå! Nokon fekk med seg månelandinga live på TV i 1969. Nokon opplevde av vi fekk svart/kvitt-TV og nokon opplevde at farge-TV kom. Nokon fekk med seg introduksjonen av iPhone og smartelefonar. No får eg med meg at Bell Witch gjer ut Mirror Reaper!

Sidan eg snubla over Bell Witch sin demo Bell Witch i 2011 har eg digga denne duoen. Og no elskar eg dei! (Det er ikkje heilt den same duoen; den opprinnelege trommisen ga seg i 2015 og døde diverre i 2016, men er meir enn godt nok erstatta.) Mirror Reaper er eit album som består av ein einaste låt, Mirror Reaper (riktig nok delt opp i to satsar As Above og So Below). Nokon vil kanskje seie at den er for lang. Eg vil seie at den er AKKURAT passe lang. Nokon vil ymte frampå at den er litt for monoton og einsformig. Eg vil seie at den er AKKURAT passe monoton og einsformig. Nokon vil kanskje seie at den er kjedeleg. Eg vil seie at AKKURAT det er heilt feil!



Mirror Reaper er rett og slett eit mesterverk som alle bør få med seg. Den dreg deg gjennom ei reise som inneheld desperasjon og håp, sorg og glede, latter og tårer. Dette er eit album som spelar på heile registeret og som brukar musikaliteten på ein heilt fenomenal og genial måte. Eg klarer faktisk ikkje å få rost Dylan Desmond og Jesse Shreibman nok. At dette kjem frå berre to personar er ikkje til å tru. Og faktumet at det berre er bass og trommer (og litt orgel av og til) er heilt uforståeleg.

Eg er sikker på at ingen kjem til å toppe dette albumet i 2017 (på fleire år, faktisk) so eg utropar herved årets album: Mirror Reaper av Bell Witch. Det er ute 20. oktober, so då er det berre å gå mann av huse, folkens!