I følge presseskrivet frå plateselskapet kjem det nye albumet til Drammensbandet Atena til å ”styre den norske metalscenen i en helt ny retning!” Det håpar eg då virkeleg ikkje!!!. I tillegg blir Atena presentert som eit av dei mest innovative metallbandene frå Noreg for tida. Om det er sant, er det òg urovekkande. For dette har eg høyrt før. Ofte! Dette er nu-metal, og ikkje spesielt original eller innovativ nu-metal heller. Eg er heilt sikker på at det fins ein god del meir innovative metallband i Noreg, som ikkje syslar med denne metallsjangeren. Eg sleng berre ut eit av dei; Hymn.

Possessed virkar det for meg som Atena prøver å gape over meir enn dei klarer å svelge. Det er ei saleg blanding av mange ulike element og stilar. Litt opera, litt sampling, litt growling, litt clean vokal, litt kor, litt rap. Eg blir faktisk skikkeleg flau når eg høyrer rapen på låta Death Eating ... Det blir for mykje og heile albumet blir litt personleghetsforstyrra. Joda, det ligg eit teppe av nu-metall i bånn (utan at det hjelp noko særleg), men alt det andre gjer det berre forvirrande. Det er til dømes ikkje eit einaste minneverdig riff på heile albumet!

Eit anna stort minus er at det ikkje virkar som om dei har brukt noko tid på å sette saman sangane på ein meinigsfull måte. Det manglar ei naturleg musikalsk oppbygging eller ein tanke bak rekkefølga på songane. Eg mistenker dei for å berre skribla ned eit utval sangar og vore nøgde med det. Det manglar heilt ein musikalsk raud tråd.

Eg har sjølvsagt lefla med tanken at det kan vere eg som har blitt gamal, kjedeleg og lite open for nye ting. For all del. Men eg har høyrt det før. Det er ikkje nytt. Eg får indre bileter av at dette er ein gjeng tenåringar som har funnet ut at dei skal vere skumle, skremmande og harde. Når dei so har sett at band som Linkin Park, Limp Bizkit og dess like har klart å tene masse pengar på slikt, har dei tenkt at dei vil ha ein del av nu-metalkaka òg. Eg blir nok diverre ikkje overraska om dette faktisk kan selge bra i USA; eg trur at dette kan vere rett i deira gate. Eller i Japan. By all means: køyr på! Ten bøtter med pengar! Men det held ikkje musikalsk for meg!