Ulver
Sic Transit Gloria Mundi EP
Ulver fortset djupare inn i popen
I april i år ga Ulver ut albumet The Assassination of Julius Caesar til strålande kritikk i inn- og utland. Det var ei oppvisning i artisteri og makalaus teft for mørk og dyster pop. På den nye EP’en Sic Transit Gloria Mundi EP fortset dei i same gata. Dette er eit par låtar som blei liggande att i vakumet etter å ha ferdigstilt førre album, men som ulveflokken ikkje heilt klarte å legge frå seg. I tillegg har dei lagt til ein cover av den klassiske Frankie Goes to Hollywood-sviska The Power of Love.
Sic Transit Gloria Mundi betyr noko slikt som «slik forgår verdens storhet» og blir brukt når ein ny pave skal innsettast, og har som hensikt å minne paven på at han på, trass den nye storhet som følgje av tittelen, stadig er dødeleg. Eg er usikker på om Ulver har valgt akkurat denne tittelen fordi dei må minne seg sjølve på si eiga dødelegheit etter alle dei gode kritikkane det siste året, men eg er faktisk litt usikker på om dei er akkurat det; dødelege. Det fins folk som gjer gull av alt dei tar i, og som er nesten irriterande dyktige, og Ulver er for meg slike mennesker. På Sic Transit Gloria Mundi EP klarer dei å følgje opp den mørke fløyelspopen frå april, og det er ei fryd å lytte til. Den deilege musikaliteten blir driven fram av stemma til Kristoffer Rygg og under ligg kompet og pumpar ut groove på groove. Dette er heftig.
Eg var litt skeptisk til cover-låta på EP’en. The Power of Love har aldri vore ein stor favoritt her i garden, men jaggumeg klarer ikkje ulvane å få transformert denne til noko vakkert. Likevel saknar den litt dystopien og mørket Ulver er so suverene på. Dette sporet blir nesten litt for happy og positivt, men for all del: eg likar det.

FLERE ANMELDELSER
Chelsea Wolfe - She Reaches Out To She Reaches Out To She
Chelsea Wolfe sitt syvende studioalbum er hennes sterkeste utgivelse på flere år. >>
Metteson - Look To A Star
Etterlengtet og solid debut etterlater oss tilstrekkelig forsynt heller enn sulten på mer. >>
Bokassa - All Out Of Dreams
Bomber og granater, kuler og krutt. Bokassa leverer blitzkrieg rock full av høyspenning. >>
Skvadron - Står i Flammer
Det nokså ferske bandet Skvadron er ute med sitt andre album, og det har vorte ei berg og dal-bane, fylt av energi, høge toppar, og eit par skarpe svingar. >>
Sivert Høyem - On An Island
Nordlys i lydformat. For å oppleve nordlys må man være tålmodig og i riktige omgivelser. Med det som premiss er Sivert Høyem ikonisk. >>