Tromsøkvintetten Heave Blood and Die er eit heilt ubeskrive blad for meg. Diverre vil eg faktisk seie. Etter å ha lytta til Vol II nokre gongar, må eg seie at eg let meg imponere over kva desse fem unge musikarane får til. Men fyrst av alt må eg trekke for verdas mest fantasilause tittel. Dei måtte jo ha klart å kome opp med noko meir originalt enn Vol II?

Albumet opnar knallsterkt med dei to låtane eg likar aller best på Vol II. Plague og Harakiri. Desse to set tonen for resten av plata og gjer meg umiddelbart meget glad for at eg fekk denne tilsendt. Plague har eit utruleg fett riff som ligg i bakgrunnen og driv songen framover, og det er seigt og røft. Her treff vokalisten akkurat med nok aggresjon og desperasjon. Mens Harakiri har eit meir melodiøst drag over seg. Eg likar spesielt godt den spe og forsiktige introen med trekkspel eller noko liknande, og korleis gitarane dreg denne melodien vidare gjennom heile låta. Dei to åpningsspora er det verdsklasse over! Utan tvil.



Diverre er resten av Vol II ikkje like banebrytande. Heave Blood and Die klarer ikkje å følge opp den knallsterke starten. For all del, resten av albumet er bra, men ikkje meir enn litt over gjennomsnittet for denne sjangeren, og sjølv om spor fire LXXX opnar bra, men blir det kjedeleg og monotont, og er det dårlegaste sporet på heile albumet.

Når alt dette er sagt og rett før den feite dama syng, Heave Blood and Die er eit band eg kjem til å følge nøye med på. Det kjem til å kome mykje kult derfrå framover! Det er eg heilt sikker på, for her er det potensiale til tusen!