Cover: Anders Fästader


Det er ikkje noko stor overrasking ein får når ein sett på den nye, sjølvtitulerte plata til Ammunition. Bandet, som debuterte med plata ”Shanghaied” i 2014, er no tilbake med si andre, og det er glam/sleaze/hardrock akkurat slik du hugsa det frå 80-talet, berre i ein moderne produksjon.
Dei fleste vil nok også forbinde bandet med frontmann Åge Sten Nilsen, som burde vere kjent for dei aller fleste, gjennom både MGP, Wig Wam, og ein heil del andre stadar. Og det er vanskeleg å tenkje på dette som ”berre eit rockeband til”, utan at det er noko negativt for min del. Ja, Nilssen er frontmann med stor F, og det er nok heile gjengen fullstendig inneforstått med.

Albumet opnar sjølvsagt med eit smell, og låta ”Time”, som er ei veldig passande opningslåt, og som fengjer bra. Men allereie på låt nummer to, ”Freedom Finder”, byrjar sjølv ein som er glad i denne typen rock, og verte litt lei av glam/sleaze-lyden som er på plata. Greit nok, dette SKAL jo høyrest slik ut, men det vert litt for mykje av det gode gjennom ei heil plate. Spesielt når opptil fleire av låtene har temaet frå Thin Lizzys/Gary Moore’s 80-talsplater (Out in the fields/Over the hills), vert det heile litt irriterande når ein kjem til soloen på MGP-låta ”Wrecking Crew”.



Det kjem seg litt etter ein del gjennomlyttingar, men likevel er det eigentleg berre åpningssporet "Time", ”Tear Your City Down”, og den kjempefine ballada ”Miss Summertime” som eg verkeleg diggar på denne plata. Avsluttinga med ”Bad Bones” og ”Klondike” formar rett nok ei fin avrunding, og eg likar at plata dermed både har gode spor ved start og slutt. Det, i tillegg til to ballader, gjer at det som album er lagt opp veldig fint, og det er pluss i margen.

Likevel vert det dei noko klisjefylte melodiane som tidvis trekk ned ei ellers finfin rockeplate, og eg kjenner at eg får lyst å sjå dette bandet live. Det trur eg uansett vert ein festkveld!