Ganske nøyaktig fire år etter Skambankts forrige plate Sirene, er oppfølgaren Horisonten Brenner på plass. Mitt forhold til bandet starta sammen med bandets debut, nemleg den rå og anarkistiske Skambankt (2004). Frå den til Eliksir (2007), vart det hakket meir raffinert, før dei i mine øyrer traff perfekt med Hardt Regn i 2009. Søvnløs i 2010 markerte eit lite skifte i lyden, og det vart dermed eit lite skritt tilbake for min del, mens Sirene var meir i riktig retning igjen.

Og med Horisonten Brenner er Skambankt nesten tilbake der dei var i starten. Om det er nytt studio eller fast pianist som gjer det er ikkje godt å seie, men det føles rettare ut denne gongen. Plata forenar uansett det beste frå dei gamle platene, og flettar det fint inn med den nyare lyden til bandet. Det startar med den korte Dette Huset, som nesten er som ein intro, og går perfekt over i den kubjellevennlige og poppa Imperiet Faller. Etter den bankar bandet til med den tunge Protest Dommer, som har eit mektig refreng.



Og med dei to singlane Fremmed i en fremmed verden og Horisonten brenner er første del av plata ein kvintett det luktar svidd av. Spesielt tittelkuttet er magisk bra. Det er som om alt av Rogalandsrock dei siste 30 åra kan luktast i denne låta, i ein melodi som er kjent, men som likevel er særeigen.

Del to klarer derimot ikkje heilt å følge opp drivet frå dei fantastiske fem første låtene. Både Kommer snart hjem og Stein for stein er gode og fengjande rockelåter, men den gode, men smått masete Levende Legende, samt den litt seige avsluttinga Gribben, gjer at del to av plata ikkje får samme flyten som den første. Likevel er det liten tvil om at Skambankt er tilbake med eit smell, og etter over 20 år som band, markerar Horisonten Brenner at Skambankt er eit av landets beste rockeband i 2018.