Bandet Addiktio består av tre av Noreg sin musikkelite sine faste go-to-guys. Du har heilt garantert høyrt arbeidet deira før, sidan dei har jobba med artistar som Gabrielle, Ina Wroldsen, Marit Larsen, Odd Nordstoga, og gjennom eigne band, blant andre blackjazzkongane Shining. Dei tre er Håkon Sagen, Thomas Gallatin og Ruben Oma.

Verraton har dei skapt flinkismusikk i progrock/ -metalverda. Musikken er kanskje ikkje so lett å sette i ein bås, men det må vel kunne gå an å seie at det er ei symbiotisk blanding av rock, jazz og metall. Det har eit slags ambient lydlandskap med grandiose og nesten svulstige trekk, og går frå fra sarte, ganske enkle melodiparti til rifftunge synkoper med feite gitarar.

Dette er instrumentalmusikk. Det kan fort bli litt kjedeleg og få eit snev av heismusikk over seg. Addiktio ligg ofte på grensa til å bikke over i denne sjangeren, men klarer heile tida å gje seg mens leiken er god. Dette er musikarar av høg klasse og det går ikkje an å seie noko anna enn at albumet er meisterleg utført. Hatten av og alt det der. Likevel er eg sikker på at det hadde kunne heva seg minst eit hakk om dei hadde fått med seg ein på vokal.

Verraton blei visstnok til i ein slags musikalsk duell i studioet til Gallatin. Det var to knallharde veker med improvisasjon, akkompagnert med klang frå ein trappeoppgang vegg i vegg. Dei angreip kvarandre med komplekse rytmer og riff. Dei på står at dei ikkje er eit "endimensjonalt flinkisband, men et lytterorientert prosjekt som også blander inn melankolske melodilinjer som drar veksel på åpne nordiske landskaper." Det blir nok diverre litt eindimensjonalt for meg. Eg er atter tilbake til at det hadde gjort seg med vokal.

Når det likevel kjem til enden på denne visa, må eg innrømme at sjølv om det til tider er litt einsformig og eg saknar vokal; dette er musikarar frå øverste hylle og det er umogleg å ikkje skåre dei høgt. Og sjølv om dette er musikk av typen det kan gå tretten av på dusinet, klarer trioen å lage spanande og til tider særs groovy musikk. Eg håpar berre dei får med seg ein vokalist på neste album!