Det er kanske ikkje langt mellom fjella og epletrea i Hardangerfjorden, men det er kanskje lenger mellom post svartmetallbandene? Dreamarcher er ein kvartett frå Odda som har laga musikk i same gate som Deafhaven og Sibiir ei stund no.

Etter å ha køyrt gjennom dei tre låtane på Harding nokre gongar, sit eg og kjenner på at eg har høyrt det før. Det er godt gjennomført og musikalsk ikkje so mykje å utsette. Sjølv om eg eg må seie at starten på Dalen blir litt rotete i blastbeats og growling. Eg får ikkje noko "WOW-oppleving" av det. Eg synes det blir litt for likt anna musikk i denne sjangeren. På den andre sida har dei faktisk blanda inn lokal musikkultur med hardingfele og klassisk norsk folkemusikk, og det gjer det sjølvsagt litt meir originalt. Dette får dei eit stort pluss for. Spesielt fordi dei klarer å få dette inn naturleg inn i sistelåta Omuta utan at det blir påtatt.

Ein av dei tinga eg likar godt med musikk, er at eg høyrer ting i songar som eg har ei kjensle av å kjenne att på ein eller anna måte. Eg blir sittande og gruble over kva det minner meg om, og går mentalt gjennom katalogen over ting eg har høyrt på opp gjennom for samanlikning. Når eg til slutt kjem på kva det minner om, kjennes det som ein enorm siger. Slik hadde eg det då eg høyrte på spor to, Aske. Etter mykje fram og tilbake, dukka Voivod si Nothingface opp. Det er ikkje heilt likt, men dei minner om kvarandre på mange måtar. Aske er heilt klart favoritten min på EPen.

Det blir diverre berre litt over midten denne gongen, sidan eg synest det blir litt for lite originalt.

Dreamarcher spelar på Krøsset 15. mars saman med Astrosaur.