Tre år etter debuten Sunset Redemption kjem andreplata frå drammenserane i Few Dollars More. Bandet fekk mykje merksemd kring debuten, og har sidan spelt i både inn og utland. Oppfølgaren startar veldig lovande med den nydelige Let it Rain, som faktisk også er platas beste spor i mine auge. Oppbygginga er flott, og låta klarer å skape ei spesiell stemning. Det går fint over i den litt kjappare Wake Up, som fungerar flott som andrelåt. Singelen Delirious kjem som låt nummer tre, og fengjer godt, den og.

Men når fjerde låt, Blind Man, med veldig lik lyd og kjensle kjem, merkar eg at det blir litt vel mykje av det gode. Few Dollars More spelar rock, med retrovibbar så det held. Det skal høyrest gamalt ut. Men dette gjer også at det er veldig lett å gå inn i eit spor der det heile vert litt kjedelig gjennom ei heil plate.



Slik er det med så og seie heile resten av denne plata. Eg klarer ikkje å la meg fengje, sjølv om dette er flinke musikarar, og godt handtverk. Eg er også veldig glad i klassisk rock, inkludert veldig mange av dei banda som har dukka opp i seinare tid innan dette segmentet, men når eg høyrer på denne plata, vert eg minna på at det ikkje er enkelt å lage slik musikk. Sjangeren og låtene er forholdsvis enkle, og virkemiddela er godt gjenbrukte, slik dei skal vere.

Wake Up er eit album som det osar potensiale av, men som aldri tek heilt av, eller finn den energien det sårt kunne trengt. Låtene er ikkje dårlege, og mange av melodiane er gode. Men dei fleste manglar noko, ein slags siste forløysande x-faktor, som gjer at det verkeleg svingar. Det er synd, for Few Dollars More er eit veldig spennande band, som utvilsomt har eit stort potensiale.