Iskald er ikkje eit av dei banda som har vore på den norske svartmetallscena sidan den spede og sagnombruste starten seint 80-tal. Det kan ein høyre på lyden. Ikkje at det bryr meg noko i nemneverdig. Det fins nok heilt sikkert puritanarar blant dei liksminka, svartkledde fansa av norsk svartmetall som rynkar på nasa og seier ting som at "Nei, det er ikkje som før, gitt!". Eller, med hånande stemmer:"Er det dette som går for black metal om dagen?" (desse er nok so elitistiske at dei ikkje kallar det anna enn black metal, sjølvsagt). Veit du kva? Drit i dei! Det er nok dei same som framleis hadde hevda hardnakka at jorda var, og alltid kom til å vere, flat! Eg likar Iskald. Eg likar lyden deira, og eg synest den har blitt hakket kaldare og hakket meir intens etter at dei fekk med seg ein ny produsent til Innhøstinga samt miming og mastring bli gjort av eit nytt studio.

Innhøstinga er heilt klart svartmetall, høyr høvesvis på opningslåta The Atrocious Horror. Likevel der det noko meir der òg. Eg høyrer element frå fleire ulike sjangrer i dei fleste songane. Til dømes har Offer Av Livet heilt skamlaust rappa gitarriffet og slagverket frå Pantera sin Domination, dog er det ikkje heilt likt. Men likt nok til å få meg til å nikke gjenkjennande. Andre stader har dei lagt inn nokre rolege parti, meir likt progmetallen. Dei har til og med til overmål laga ei slags ballade (i den grad denne sjangeren har ballader) i sangen Lysene som Forsvant. Dette er ein melankolsk hyllast til dei som ikkje lenger er med Iskald. Den fungerer overraskande godt som eit pust i bakken før dei går inn for landing med det litt tyngre og Iskald-typiske tittelsporet.

Eg likar det eg høyrer. Det er levert med intensitet og lidenskap, og ikkje minst av meget god kvalitet og med nitid presisjon. Eg synes faktisk Iskald kan minne om Dimmu Borgir, sjølv om Iskald heldigvis styrer unna dei svulstige og til tider pinlege symfoniske elementene. Innhøstinga kan lett leggast inn på lyttelista til dei som er glad i snerrevokal, iskald stemning og godt musikalsk handtverk.

Som eit aldri so lite PS vil eg berre få nemne at eg framleis synes det er litt snodig at ein ikkje klarer å bestemme seg for om ein skal synge på norsk eller engelsk ...

Innhøstinga er ute fredag 31. august på Indie Recordings. Den er verd å få med seg!