Sandnes Undergrunn Circus & Cabaret, det nye albumet til Veislakt, fortel historia om eit sirkus. Vi får historiar om ei menneskeelskande løve, tre alkoholiserte russiske klovnar der to av dei sloss om gunsten til den store, skjeggete dama. Vi får elefantar i kjettingar, valdeleg slapstick, og elles ein kaotisk og forvirra gjeng.

Litt slik er det eg sit att etter å ha lytta til albumet; det blir litt for kaotisk og usamanhengande. For all del, jærcoren (denne blandinga av punk og hardcore sunge på jærsk) er både aggressiv og intens, men eg synes dei har ein del overganger mellom ulike partier i låtane som ikkje sit. Det kan blant anna høyrast i opningslåta, Sandnes Undergrunn Circus & Cabaret. Det gjere at den blir oppstykka og manglar flyt. Same greie er det med Øynene. Overgangene sit rett og slett ikkje.

Sandnes Undergrunn Circus & Cabaret byr ikkje på noko spesielt nytt. Eg har høyrt det før. Då Ingenting kom med Gje faen i det og Gammal mann i 1991 var det noko nytt og heilt fantastisk som fekk MYKJE speletid på utallige festar. Eg er redd for at dette nye albumet til Veislakt ikkje kjem til å bli plukka fram so veldig ofte for min del.

Når det er sagt. Sandnes Undergrunn Circus & Cabaret byr på masse energi og høgt tempo. Dei har laga nokre feite riff som treff meg midt i ryggmargen. Blant anna har allereie nemnde Øynene nokre parti som er heilt fantastiske. Då er det desto meir synd at dei ikkje klarer å fullføre det.

Sandnes Undergrunn Circus & Cabaret får midt på treet frå meg sidan albumet har gode tendensar, men fomler det til på avsatsen og klarer ikkje å kome heilt over kuren.