Frå det som virkar som eit av dei mest livlige og festlige kollektiva i Oslo, kjem bandet oppkalla etter gata det ligg i; Skovveien. Fem unge studentar, Jostein, Amund, Ole Fredrik, Adrian og Sindre, danna bandet vinteren 2018, og er no klare med sin første EP.

Dei spelar enkel, men fengjande rock, og allereie frå første låt på EP-en Et Guttehjem, vert det klart at dette er musikk som egnar seg godt på ei scene, helst med ein halvliter i handa. Åpningslåta Skov, sett stemninga, og inviterar med lyttaren ut på ein fuktig tur. Det er enkelt, men også veldig ærlig musikk, noko som gjer det lettare å oversjå den forholdsvis enkle produksjonen.

Igjen og Magadrag følger i relativt likt landskap, og er greie låter, hverken meir eller mindre. Likevel er det fine og direkte tekster, med gode melodilinjer, og eit lydbilde og en vokal som gir bandet eit visst særpreg. Singelen Blå går vidare, og er klart den tyngste og mest vågale låta på EP-en. Her viser bandet at dei kan meir enn dei relativt streite første tre låtene, og det er tydeleg kvifor dette også er singelen. Likevel er det siste sporet som er underteikna sin favoritt, Litt Lang Kveld. Her tek bandet tempoet og musikken heilt ned, og briljerar med nydelig gitar og vokal.

Skovveien er ferske, og spelar på gamle triks heile vegen. Det er selfølgelig heilt innafor, og det er som sagt veldig ærlig og lite pretansiøst. Det er også eit veldig godt utgangspunkt for eit ferskt band, og Et Guttehjem viser tidvis at det ligg eit finfint potensiale i denne gjengen. EP-en er ute i dag, fredag 18. januar, med releasekonsert på Gregers på Hamar, der bandet til og med har egen event for vors på togturen opp. Så her er det berre å bli med Skov på tur!