Det er rart med det; Dream Theater er eit band som leverer akkurat det dei lovar. Det fins ingen overraskingar der i garden. Om det er live eller i studio, høyrest det alltid heilt likt ut. (Kankje med unntak av av soloane blir hakket lenger på konsert ...) Dette er fordi desse gutane kan spele! Det herskar det ingen tvil om. Men kanskje er Dream Theater eit glitrande døme på at det ikkje alltid er dei teknisk flinkaste som er dei mest nyskapande og kreative? For Distance over Time er so langt frå nyskapande ein kan kome. Då eg fyrst satte på albumet, må eg seie eg nesten måtte sjekke om eg det var det riktige sidan det høyrtest ut som omtrent alt anna bandet har laga gjennom si lange karriere. Skuffande. Eller eigentleg ikkje. Iallfall ikkje overraskande! Dei har jo fulgt den same oppskrifta so lenge eg kan hugse. Teknisk brillianse, synkoperte takter, odde taktartar, og ein god miks av røffe riff, høgt tempo og rolege, ekstremt cheesy balladar.

Når ein høyrer på Dream Theater, er det ikkje til å unngå å irritere seg grøn over stemma til vokalist James laBrie. Den passar liksom ikkje inn. Når han syng, høyrest det ut som om nokon mishandlar ein katt som har pådratt seg ein veldig lei halsbetennelse. Eg er heilt sikker på at eg hadde likt Dream Theater mykje betre med ein annan vokal. Det er so rart at desse som er so ekstremt musikalske ikkje synest vokalen ikkje harmonerar med resten av bandet. Forstå det den som vil!

No er som sagt Dream Theater eit meget kompetent band, og Distance over Time er ikkje eit dårleg album. Det går nesten ikkje an at DT gjer ut dårlege album, og albumet har sine lyspunkt. Room 137 og Pale Blue Dot har båe eit meget godt driv og sjukt feite riff. Sjølv om eg synest eg kjenner att riffet på Room 137 frå Marilyn Manson sin The Beautiful People. Ikkje ein eksakt rip off, men sopass gjenkjennbart at det er verdt å nemne. Som tek meg tilbake til mitt poeng om (manglande) kreativitet og nyskaping ...

Det virkar på meg som om Dream Theater har blitt fanga i ein slags Catch-22 og lir under sin eigen tekniske brillianse. Dette blir for kjedeleg og ein slags uendeleg variasjon over Narkissos som drukna i sitt eiget speilbilete. Distance over Time er berre eit dørgande kjedeleg album, men pga dei musikalske ferdighetane er det umogleg å gje for lav karakter. Difor blir dette rett under midt på treet. Masse pluss for kompetanse, masse minus for at det er so kjedeleg.