Elleve år etter forrige album, Consolers of The Lonely, er The Raconteurs tilbake med Help Us Stranger. Og skal vi vere ærlige, det er fortsatt høg kvalitet over det desse karane driv med!

For underteikna er bandet assosiert med hiten Steady As She Goes og Jack White. Bandet vart danna av nettopp White og gitarist og vokalist Brandon Benson i 2005, etter at dei saman hadde skrive overnevnte låt i lag. Fram til 2010 hadde dei svært stor suksess, før dei tok ein pause som skulle vare i over 8 år, sett bort frå kun nokon få opptredenar.



Men no er dei altså tilbake, og Help Us Stranger har vorte ei flott og enkel rockeplate. Det første som slår meg er kor gode låter det er, samtidig som dei er enkle. Litt som Big Bang, om ein skal trekke ein norsk paralell. Dei to første låtene er ikkje dei aller sterkaste, men sett fint an tonen for plata. Den første perla kjem derimot med Only Child, ei knallgod låt som ein må like umiddelbart, og som har ei finurleg fin tekst. ”Only Child, Prodigal son, he’s come back home again, to get his laundry done”. Ironisk og genialt.

Resten av plata held eit jamnt godt nivå, med den samme gode låtskrivinga. Både Don’t Bother Me, Somedays I Dont Feel Like Trying og Now that Your Gone er flotte låter, men den aller beste er kanskje Beatles-flørten Sunday Driver. Ein skikkelig hardtslåande rockar, med eit uimotståelig riff! Og når du høyrer ”Wow” i bakgrunnen, toppar det heile låta.

Alt i alt er det eit solid comebackalbum frå gruppa, om vi får kalle det det, og det er ingen grunn til å tru at det vert noko dårligare enn før på scena heller. Så for vi berre håpe det ikkje blir like lenge til neste plate!