Bak Lingua Ignota står den Rhode Island-baserte californiajenta Kristin Hayter. Eg skal innrømme at eg ikkje hadde fått med meg Lingua Ignota. Ho ga sjølv ut albumet All Bitches Die i 2017, men har gått heilt under radaren min. Diverre. For dette er bra!

Caligula er ein opera for outsideren. Det er ei fortelling om maktmisbruk og korleis det går hardast utover dei svake og dei utstøtte. Det er ei fortelling om all den dekadensen, korrupsjonen, valda og fordervelsen makt kan føre til. Ho har sitt narrative utspring i den historiske Caligula og brukar han som eit bilete på kor gale slikt maktbisbruk kan gå.

Caligula er eit intenst og tvers gjennom rått stykke musikk. Dette er sart og ømt i enkelte parti og brutalt og stygt i andre. Hayter har ei fantastisk stemme som går frå vakre tonar til atonale Olga Marie Mikalsen-aktige skrik. Ho skrik andre staderl so fylt av desperasjon og hat at det er umogleg å kome unna at dette kjem frå hjartet. Atter ein gong får vi bevist at musikk MÅ lagast ut frå eit ønske om å formidle, ikkje for å tene pengar.

Musikalsk er det ikkje mogleg å sette Hayter og Caligula i nokon bås. Difor er namnet Lingua Ignota so velvald; det kjem frå Hildegard von Bingen og skal etter min noget rustne latin, bety noko slikt som "ukjent språk". Ukjent og vanskeleg å plassere. Joda, dette er noise, men likevel er det so mykje meir. Her er det element frå over alt. Kate Bush, Pharmakon, Rufus Wainwright, Diamanda Galás, Hymn, Sunn 0))) og fleire til. Det fins rolege pianoparti med vakker sang over, det fins parti som er berre fuzz og støy og hatfylte skrik, på FRAGRANT IS MY MANY FLOWER’D CROWN har Hayter dradd på med overtonesang. Albumet bølger fram og tilbake mellom det vakre og det styggvakre i ein utruleg godt koreografert dans. Det blir aldri kjedeleg og det blir aldri for mykje.

Dette er mørkt og utan mykje håp, men fylt av sinne. Berre sjå på titlane: DO YOU DOUBT ME TRAITOR, BUTCHER OF THE WORLD, MAY FAILURE BE YOUR NOOSE SPITE ALONE HOLDS ME ALOFT. Og berre ein so enkel detalj som at alle titlane er stava ut i caps lock betyr at Hayter ikkje er spesielt nøgd og krev å bli høyrt! Og titlane held det dei lovar. Tekstane er like dystopiske som ein skulle tru frå titlane. Høyr berre på eit utdrag frå IF THE POISON WON’T TAKE YOU MY DOGS WILL: "Life is cruel, and time heals nothing, and everyone you know, will leave you, Will you join me?, If you lay your life down, no one can take it".

Med Caligula har Lingua Ignota levert ei av dei mest interessante albuma so langt i år, og eg trur at denne kjem til å halde seg i toppskjiktet for 2019. Caligula er ei plate som ikkje er behagelig å lytte til, men det var den aldri meint å vere. Dette er kunst!

Albumet er ute 19. juli.