Tretten år! TRETTEN ÅR! Fear Inoculum har vore snakka om, lengta etter, etterspurt, forsinka, mytebefesta og nesten gjett opp av veldig mange i tretten lange år. Det har på mange måtar blitt Tool sitt Chinese Democracy. Det blir sagt at den som ventar på noko godt, ikkje ventar fånyttes. Det stemte ikkje når det gjaldt Chinese Democracy, so det var berre å krysse fingrane for at Fear Inoculum ikkje skulle bli nok eit unntak som stadfesta regelen. Kan Tool klare å leve opp til dei forventingane dei har skapt?

Lat meg starte med det som irriterar meg mest med albumet. Det blir for lange introar som ikkje er anna enn dilldall. Eg forstår ikkje kvifor det må gå so lang tid før låtane er ordentleg i gang. Joda, eg er med på at det skapar fin dynamikk og det bygger opp dramaturgien i musikken, men det får vere grenser. Til dømes synes eg at det er heilt unødvendig å bruke over minuttet på vind- og bølgelydar i starten på Descending. Iallfall når det samtidig tek ytterlegare tid før Adam Jones dreg ordentleg i gang med riffinga si.

Når det er sagt; Fear Inoculum er eit album som veks for kvar gjennomkøyring. Eg ser jo at oppbygginga av låtane er eit slags tema for heile albumet. Det har ein slags naturleg progresjon som gjer at songane og albumet utviklar og opnar seg som ein blome mot sola heile vegen. Det er mykje som skjer og Tool er framoverlente og dei blir ikkje hengande fast i det same lydlandskapet særleg lenge. Her er det mange idear som er samla på ein stad, og alle får eit slags utløp. Men det blir aldri for mykje. Alt spelar på same lag og dreg i same retning.

Det er lett å høyre at Fear Inoculumer eit Tool-album. Adam Jones handterar gitaren vanvittig kjenslevart samtidig som han bankar laus med nokre sjukt feite riff, som i Invincible og det er ei spennvidde i gitarspelet hans som få andre kan skilte med. Bassen til Justin Chancellor er minst like pulserande og mjuk som alltid. På Pneumonia hamrar han deg hardt i bringa med rytmane sine, og det er ei fryd. Tromminga til Danny Carey er som alltid utsøkt! Det er akkurat so presist, suggerande og synkopert som Tool-fans har blitt vant til frå han. Prikken over i-en i signaturen er Maynard James Keenan. Det blir sjølvsagt ikkje heilt rett å seie at det er vokalisten som utgjer heile signaturlyden til eit band, men det har jaggu mykje å seie. Kva hadde til dømes Dream Theater vore utan James Labrie? Han er på veldig mange måtar ein stor del av lydbiletet deira (sjølv om ein kan seie mykje om stemma hans elles …). Det same er det med Tool. Keenan har alltid tilført ein intensitet og desperasjon til låtane, og stemma hans har ei enorm rekkevidde. Vokalen er kanskje ikkje like markant og styrande på Fear Inoculum som tidlegare, men han imponerer likevel. Tool nesten blitt ein levande organisme i seg sjølv der alle fire medlemane er delar av det same levande vesenet.

Fear Inoculum er eit album som trengs mange lyingar. Ikkje fordi det ikkje er umiddelbart bra, men fordi det har so mange lag og er so multifasetert at ein ikkje har sjans å få med seg alt på ein gong. Albumet er ei slags Rubiks kube; ein må sette seg ned og fokusere på oppgåva og ein kosar eg undervegs mens ein held på. Det kan vere frustrerande til tider, men når ein endeleg knekker koden og ein klarer å fikse det, sit ein att med ei fabelakteg kjensle av meistring og pur glede. Fear Inoculum er eit album som ein treng å jobbe litt med, men det er det heilt klart verdt! So får ein berre krysse fingrane for at det ikkje tek 13 år før neste gong!