Det sjette studioalbumet til amerikanske Chelsea Wolfe er eit stykke unna tidlegare utgjevingar med tanke på stil og lydbilete. Ho skreiv og spelte inn albumet i einsemda i heimen sin i Nord California, og beskriv sjølv albumet som eit forsøk på å kome tilbake til folk-rock-røtene sine.

I ein diskografi som er eit samansurium av sjangrar, har ho nok ein gong klart å levere noko nytt som meisterleg klarer å få fram det enorme talentet hennar. Musikalsk, lyrisk og vokalt.

Likevel er det ikkje til å unngå å høyre at Birth of Violence er eit Chelsea Wolfe-album. Det er mørkt og intenst og sart, og vokalt spenner det frå djup bass til dei lysaste soprantonar. Ho har ei stemme med ei heilt enorm breidde, og som klarer å mane fram kjensler og atmosfærer som får underbygg poesien i tekstane hennar på ein utmerkande måte. Albumet er proppfullt av det poetiske språket hennar og draumande atmosfærer, og det byr på mange kjensler for lyaren å ta inn over seg.

Birth of Violence har blitt eit album som kjem til å gå inn som eit lydspor til hausten. Dette er musikk som er som skapt for mørke, våte haustkveldar der ein lyt sitte inne og sjå at mørkret tar meir og meir over og dagane blir kortare og kortare. Den vakre, vevre stemma til frøken Wolfe legg seg som fløyel over den minimale instrumenteringa, og skapar ei magisk blanding av salighet og tristesse. Høyr til dømes på Preface to a Dream Play eller, ein personleg favoritt frå albumet, tittelsporet Birth of Violence. Magisk!

Dei som ventar på den litt meir heavy Chelsea Wolfe, må vente lenger. Dette er eit godt stykke unna tidlegare album, og det er lite av det dronete, industrielle, støyande, gotiske og doomy materialet ho har gjort før. Det sporet den "gamle" Wolfe kjem best fram er Deranged for Rock & Roll.

Birth of Violence har blitt eit vakkert og melankolsk album som er vel verdt å bruke tid saman med. Det er fylt til randen med kjensler og draumande tonar; eit perfekt følge til å sitte inne og sjå ut på storm og uvêr. No kan hausten berre kome!