Sidan Borknagar debuterte på LP (faktisk utan å gå den "normale" vegen via demo) med Borknagar i 1996, har dei hatt ei høg stjerne i det norske metallmiljøet. Det er mykje takka vere den klassiske blandinga av element frå svartmetall, prog og folkemusikk, kombinert med dynamiske og gode produksjonar som sørger for vitalitet og variasjonar. Sjølv om dei framleis føl oppskrifta, har dei likevel ikkje berre “snudd bunken” og gjort det same ein gong til. True North fortset der Winter Thrice slapp i 2016. Albumet er kaldare og meir gjennomført og robust, og får enno tydelegare fram motsetningane mellom det isande brutale og det verve og vakre. Kanskje eitt av dei beste albuma Borknagar har levert nokon sinne!

Etter Winter Thrice, forlot tre viktige medlemer bandet: vokalist Vintersong, gitarist Jens F. Ryland, and trommis Baard Kolstad. True North makerer slik debuten til trommis Bjørn Dugstad Rønnow og gitarist Jostein Thomassen. Samtidig får vi ein "retur" på vokal av Simen “I.C.S. Vortex” Hestnæs. Og sjølvsagt er “oldtimerane” Øystein G. Brun på gitar og Lars A. Nedland på keyboard og vocal framleis med. Tematisk var Winter Thrice ein hyllest til ting som har skjedd og kontakter dei har knytt, mens Borknagar på True North ser framover fulle av kraft, pågangsmot og eit klart og fokusert blikk. Faktisk er albumet det mest varierte, kraftfulle og grandiose albumet dei nokon gong har laga i følge grunnleggar Øystein Brun sjølv. Dei er mindre filosofiske og meir rett på sak enn tidlegare. Samtidig har dei fått miksehjelp av legenda Jens Borgen (Opeth, Katatonia, BTBAM, Ihsahn) so det er ingenting å utsette på lyden.

Musikalsk er True North lett å kjenne att, og det er – heldigvis – framleis mykje snerrevokal og svartmetall å spore. Spesielt er The Fire that Burns og Mountain Rapture gode dømer på dette. Riffinga og det rytmiske bygger opp under den djevelske vokalen på ein ypparleg måte, og når dei til og med skrik i bakgrunnen på partia med cleanvokalen i Mountain Rapture, går det kaldt nedover ryggen.

Når det er sagt, tek Borknagar for seg det folkemusikkalske i ryggmarksgrefleksen sin på albumet òg. Utan at dei sklir heilt ut i folketonane! Høyr til dømes på den melodiøse og klangfulle Lights eller den radiovenlege Wild Father’s Heart med sine strengarrangment, harmoniar og stemningsskapande mellomspel. Elles er Voices ein annan favoritt som set seg på hjerna. Den har klare nikk til irske folketonar samtidig som den bølgar mellom det vokale mjuke, rolege og det meir rocka og riffete.

Reultatet har blitt eit album som er fullt av alt det Borknagar alltid har drive med. Det er ei slags oppvisning i kvifor kombinasjonen av folkemusikk, prog og svartmetall fungerer so godt. True North har blitt ei slags tidlaus oppsummering av den reisa Borknagar har vore på sidan starten i 1995. Dette er ei oppsummering som kjem til å tåle tida godt!

Albumet er ute 27. september.