Kefeider er endelig ute med sin første fullengdar, Podium, etter den flotte EPen Since You Asked kom ut i fjor. Også denne gongen har han fått med seg den same rutinerte gjengen med Øyvind Blomstrøm, Olaf Olsen, og Chris Holm. Kun tre dagar tok det, imponerande nok, og resultatet er slett ikkje verst, heller.

Det startar fint med Hurts a Little, ei klassisk åpningslåt, som gjer akkurat det den skal, åpnar plata på ein passande måte. Gjennom plata kjem det små mellomspel, som sikkert er ganske tilfeldig jamming frå studioet. Dei skal fungere som små pausar mellom låtane, og gjer jo også det, sjølv om dei kanskje nokon stader følest litt malplasserte ut. Etter det første av desse kjem The Waiting Room, og singelen Reveal The Method. Førstnevnte har ei litt banal men finurlig tekst om å sitte på eit venterom, mens singelen er rettmessig, og den sterkaste låta på plata.

Etter dette kjem det ei rekke litt roligare låter, som er fint produserte, som alt anna, og behagelige å høyre på, men som ikkje gjer så mykje meir for underteikna. Det tek seg litt opp i tempo igjen med You’re Not Your Kid, men også her er det noko litt uforløyst og monogamt over det heile. Der debut-EPen virka litt meir variert, er veldig mange av desse låtene ganske like. Over ei heil plate vert det kanskje litt likt, men slik er det gjerne når ein først har funne sitt utrykk.

Plata avsluttast med Long-Awaited Rain, og mellomspelet The First to Expire When The Power Goes Out. Totalintrykket er som nevnt over, at plata blir litt for lik seg sjølv i mange av låtane. Starten er fin, men etter kvart går ein litt lei. Likevel er det utvilsomt ein fornøyelig opplevelse, og produksjonen og musikarane som er med her held veldig høgt nivå. Og om du vil høyre dette live, har Kefeider releasekonsert i kveld, kl 19 på John Dee. Du seier vel ikkje nei takk til det på ein torsdagskveld?