Opeth har holdt på i 25 år og turnerer i disse dagar med ein jubileumskonsert.

Er det ein long turne?

- Nei, vi er ute i vel tre veker. Vi kom frå Finland i natt. Turneen begynte i Stockholm, so vidare til Helsingfors, Norge, England, Belgia, Holland, Tyskland, Frankrike, og so ein konsert i New York, og to konsertar i Los Angeles. So det er jo ganske "lungt".

Og konserten er 2 X 80 minutt med fyrst heile Ghost Reveries og so litt ”best of”?

- Tja, ”best of” … Vi har fått litt klager på konsertane so longt for at det ikkje har vore meir gamalt. Men vi har ikkje turnert so mykje for den siste skiva (Pale Communion, red.anm.) og eg vil ikkje at vi skal bli sett på som eit nostalgiband. Men vi køyrer gjennom heile Ghost Reveries som ikkje er meir enn ti år gamal, sjølv om det kjennes slik for meg. Vi vil ikkje spele for masse gamalt, men heller øve på det nye, so det er ganske mykje nytt på det andre settet. Og klagene har vel godt mest på at vi ikkje spelar noko frå 90-talet. Som eg for so vidt kan forstå, men vi tenkte faktisk ikkje so mykje på det då vi satte saman settlistene.

Kven lagar du musikken for? Deg sjølv eller fansen?

- Meg sjølv. Slik har det alltid vore. Når ein har holdt på i 25 år vil det alltid vere fans som har ei favorittplate eller to, eller kanskje til og med ein favorittæra, og då er det ikkje sikkert dei likar det vi driv med no, men alle skivene er skrivne på same premisset og for meg sjølv. Eg har aldri skrive ei plate og tenkt ”Kva likar fansen?”. Eg er 41 år, og det er ikkje so spanande med ekstrem metal lenger, og slik har dei andre gutta i bandet det óg, so då blir det ikkje naturleg å lage det meir heller. Det er ikkje noko poeng å skulle verne om det vi har skapt tidlegare. Vi er framleis Opeth i dag, sjølv om vi høyres annerleis ut no enn for ti – tjue år sidan. Det er framleis aggressivt, men kanskje ein annan type aggresjon.

Er dette eit resultat av at du har andre inflytelsar no?Høyrer du på anna musikk? Dei to siste albumene er jo tydeleg meir jazzinspirert, eller?

- Allereie då vi spelte inn vårt fyrste album i 1994 hadde eg gått litt vidare frå ekstrem-metalen. Eg var for so vidt interessert kva som skjedde innan sjangeren, men henta ikkje særleg med inspirasjon derfrå. Eg var 19 år og begynte å oppdage progressiv rock, symfonisk rock og folkrock. Og det er meir eller mindre det eg framleis høyrer på i dag. Og når du nemner jazz, so har det jo faktisk alltid vore eit visst element av den musikken. Kanskje mest av gitaristar som Wes Montgomery. Eg har nok likevel begynt å høyre meir på jazz i det siste; Miles Davis, John Coltrane, Ornette Coleman, og den typen, men det er ein ganske ny inspirasjon. Det er jo litt slik at om du likar prog-rock, so kjem denne inspirasjonen og interessen for jazz nærast av seg sjølv. For i progen fins jo alt; blues, jazz, rock, singer/songwriter, klassisk osb. Du kan finne alt i den musikkforma.

Blir du lei av å spele dei same songane om att og om att?

- Det er faktisk berre kult. Det var eit par av låtane på Ghost Reveries vi ikkje hadde spelt live før, so det var litt spanande om vi skulle få det til. Det har gått bra og er framleis berre moro å spele. Det er faktisk berre ein gong, eller ein song, egentleg, på heile det første settet at vi kan puste litt ut og slappe av, og det er Grand Conjuration. Den har vi spelt so ofte før at den sit godt og vi kan gjere den nesten i somna. Dei andre låtane krev at vi er fokuserte og då blir det automatisk morosamt.

Alle som har vore på konsert med Opeth før veit at du har ein del vitsar og er morosam mellom songane. Er dette noko du forberedar, eller kjem det berre der og då?

- Det er mest når eg står der. Eg har aldri tenkt ut kva eg skal seie. Noko som naturlegvis gjer at eg av og til bommar fullstendeg og det blir heilt stilt og ingen forstår kva eg snakkar om. Men akkurat det kan jo verre ganske morosamt i seg sjølv. Dette er noko som berre går av seg sjølv og som eg ikkje føler må vere ein del av showet, men folk spør jo om det og lurer på kva eg skal seie, so slik sett virkar det som om publikum synest det er ein del av konserten. Av og til snakkar eg mykje og andre gongar nesten ingenting. Men eg merkar at det faktisk hjelp oss i bandet litt. Då vi spelte det fyrste settet på denne turnéen i Stockhom sa eg ingenting mellom låtane. Og det merka bandet. Vi blei litt stive og nervøse, nesten engstelege. Og det kjente publikum, trur eg. Slik kan vi ikkje ha det, so no er det litt mer laust som det brukar, og då slappar vi av og publikum det same og alt blir betre.

Korleis er skriveprosessen i Opeth? Det er du som skriv all musikk og tekst?

- Ja, eg spelar inn ein ferdig demo, med alle instrument. Demoen er til og med ferdig sequensed, altso at songane er i den rekkefølga dei skal ha på det ferdige albumet. So gjer eg den til dei andre i bandet slik at dei kan lytte til den og lære seg den. Då kan vi bruke sjølve demoen som ein slags mal for innspelinga. Vi har gjort det slik på dei siste albumene og det har fungert bra. Det er ingen som har klaga, iallfall!

picture

Har du noko favorittema til tekstane dine?

- Det er mest dagsforma som bestemmer det. På dei siste par skivene har tekstane blitt påvirka mykje av mitt privatliv. Eg har hatt eit par år som har vore ganske trasige – men no har eg det bra – og det har paradoksalt nok vore ein inspirasjon for tekstane. Eg skreiv tekstane samtidig som eg laga demoane, og det blei ganske miserabelt, men det passa godt og det blei bra. Men eg har ikkje noko spesielt favorittema, nei. Eg har alltid sett på det som eit naudsynt onde, å skrive tekst. Eg er ikkje so bekvem med det, og ikkje anser eg meg sjølv som so veldig bra på det heller. Eg treng å kunne relatere til tekstane og kjenne meg att. Eg vil ha heftige, fine ord, fine vers, ordene skal rulle fint ut av munnen, det skal kjennast godt å synge det. Alt dette er minst like viktig som bodskapet.

Steven Wilson?

- Han traff eg for lenge sidan. Eg budde i ein forstad til Stockholm utan telefon og internett og var heilt isolert. Men så fekk eg meg internett og hotmail, og ein dag fekk eg mail frå Steven der han sa at han likte det siste albumet vårt, som var Still Life, veldig godt. På den tida var eg stor fan av bandet til Steven, Porcupine Tree. Det var den einaste artisten som var aktiv på den tida som eg faktisk såg opp til, so det var stort for meg. Eg skreiv tilbake og spurte om vi skulle møtast, kjøpte ein flybillett og reiste til London. Der traff eg han og spurte om han ville produsere den neste plata vår, som skulle bli Blackwater Park. Og etter det fortsatte det berre. Han har aldri produsert ei heil plate for oss, men har vore med på produksjonen av nokre songar og miksa ein god del. Og vi har fortsatt god kontakt i dag. Eg var faktisk over til han for ei veke sidan og vi song ein Storm Corrosion-låt saman i Royal Albert Hall. Det er faktisk fyrste gongen vi har gjort Storm Corrosion live.

Er det lov å håpe at det kjem noko meir frå Storm Corrosion?

- Ja det kjem kanskje noko.

Når vi snakkar om andre band og prosjekt som Storm Corrosion; du var jo med i Bloodbath i to etappar, men ga deg att i 2012. Kva var grunnen til det?

- Det var ein kombinasjon av sviktande interesse og ikkje nok tid. Det var aldri meninga at det skulle bli so stort som det har blitt. Bloodbath har blitt eit band som er stort nok til å turnere, men det begynte som ein spøk. Om du les tekstane på den fyrste EP’en vi ga ut, hadde du blitt sittande og fnise. Men det eskalerte og brått var det snakk om konsertar og turnéar og det tok for mykje tid. Dessutan har eg ikkje den same gode ”dødsrøsta” lenger. Eg er rett og slett ikkje rett mann for jobben lenger.

Er det absolutt kroken på døra for growling?

- Det får framtida vise, faktisk. Det kjem an på om songane treng den type vokal; gjer den det, blir det det. For å vere heilt ærleg er det ikkje slik at eg går og lengtar etter dødsmetalens gjenoppstandelse. Det er det derimot monge fans som gjer. Eg er ikkje heilt der lenger. Eg elskar å synge og stemma mi utviklar seg heile tida. Til det bedre synest eg. Samtidig som eg føler at dødsrøsta mi utviklar seg til det verre med tida. Men som sagt; lagar vi ein låt som treng det, då blir det heilt enkelt det.

Når du ikkje turnerar, kva koblar du av med?

- Musikk. Eg samlar vinyl. Det er min store hobby, min pasjon. Mykje av fritida mi går til å lytte til musikk. Alt er musikk. Sjølvsagt til mine born og kjærasten min óg. Men det er dei tre tingene: Musikk, born, kjærast. Eg kjøper masse vinylskiver, og sit og pussar dei. Det er faktisk min avkobling, eller meditasjon: å pusse vinylskivene mine.

Kva tenker du om retninga musikkbransjen tek? Med Spotify og streaming og slikt?

- Eg likar det ikkje. Korkje Spotify eller streaming. For å vere ærleg, likar eg ikkje CD heller. Eg høyrer nesten berre på LP-skiver. Når eg er ute på turne, har eg ein iPod; det blir litt heftig å ta med ein platespelar. Men eg betalar for musikken min. Eg har aldri lasta ned noko ulovlig. Eg synest ikkje noko særleg om formatet til Spotify eller om korleis folk brukar det. Det virkar som det øydelegg for heile idéen om eit album. Det er for lett å hoppe mellom låtane. Det er som om folk ikkje gjer plata den tida ho treng. Dei hoppar vidare til neste låt eller neste band før dei har høyrt heile låta eller albumet. Eg trur at ein skal gje musikken litt meir tid og respekt og ikkje berre sitte å trykke seg vidare. Musikkscena, og heile idéen med å spele inn eit album, behandlast med for lite respekt i dag, det har blitt ein bruk-og-kast-mentalitet. Det synest eg er veldig kjipt. For heile bransjen.

Takk for praten og lukke til med konserten i kveld!

- Takk det samme.

Foto: Øystein Bagle-Tennebø og Warner Music Norway/Roadrunner Records