Vreid debuterte i 2004 med albumet Kraft og er no ute med sitt sjuande studioalbum sidan det. Bandet har holdt seg i metalsjangeren heile tida, og Sólverv er nok det mest reindyrka svartmetallalbumet til dags dato.

Gratulerer med eit meget godt album.

- Takk for det. Det er alltid hyggeleg at andre set pris på det vi lagar.

No er det ut på turne?

- Ja, vi startar neste torsdag (22. oktober). Då er det ei runde på vestlandet, med Stavanger, Haugesund og Bergen, so blir det ei Europa-runde etter det. Den avsluttar vi i Noreg, der vi då skal ha konsert på Rockefeller. Vi ute på vegen i vel tre veker. Det gler vi oss til. Det er lenge sidan no. Det er eitt år sidan vi var på turne sist, so no er det på tide å kome seg ut.

Er de headlinarar på denne turneen?

- Det er ein jubileumsturne for Indie Recordings. Dei er 10 år og vi gjer ein turne med eit par andre band frå Indie. Det er Vreid og Keep of Kalessin som co-headlinar, og so er det Vredehammer som er support.

Korleis er prosessen rundt innspeling av plater for dykk?

- Eg skriv all musikk og tekst og eg jobbar åleine med ting fyrst. So involverar eg etter kvart trommeslagar, Steingrim (Jørn Holen) som eg har spelt med so lenge eg har spelt musikk. Vi har vakse opp i lag og har kjent kvarandre sidan vi var eitt år gamle. Han er neste mann som er inne i prosessen. Det er veldig greit, for han veit kva eg vil ha. Eg lagar ein demo som eg sender til han, so legg han på trommene og vi ordnar opp i arrangermentene. Deretter spelar vi to inn ein ny demo basert på våre endringar, som vi so sender til dei to gitaristane og vokalisten slik at dei kan jobbe med gitararrangement og vokal. Eg har hatt eige studio i ti år no, so vi har god tid når vi til slutt spelar inn. I tillegg kan vi då gjere det akkurat slik vi vil det, og det var jo egentleg grunnen til at eg bygde studio i fyrste omgang. Då kan vi leike og eksperimentere med ting slik vi sjølve vil.

Kan det bli ein hemsko? At de har for god tid? Normal studiotid kostar jo mykje pengar, so ofte er det om å gjere å kome seg fort i mål. Det slepp vel de?

- Det er klart at det er alltid ei fare for det, men vi er ganske strikte på det når vi fyrst er kome i studio. Eg brukar kanskje altfor long tid i forkant til å skrive og teste ut ting for min eigen del. Når vi derimot fyrst går til innspelingprosessane og miksinga so går det veldig fort unna. Denne innspelinga til dømes; den gjorde vi på rekordtid. Trommene tok vi på to dager, vi gjorde all gitar på to dagar, vokalen på ein dag. Vi forberedte oss godt so sjølve innspelinga gjekk fort. Det er ingen av oss som likar å sitte å halde på med miksing og skruing. Vi likar å skape musikken, og prøver å få mest mogeleg livefeeling når vi spelar det inn.

Det er godt å sjå at de er tilbake med nynorske tekstar.

- Ja, vi har egentleg blanda litt før óg, og har gjort dei siste par albumene på engelsk. Eg begynte å skrive engelsk denne gongen her óg, men so skulle eg berre prøve eit par line på nynorsk for eit lite vers. Det viste seg at alt då klikka fullstendeg på plass. Då var det berre å hive alt eg hadde og begynne heilt på nytt. Det blei heilt naturleg å skrive heile albumet på nynorsk, og det var utruleg moro.

Kva skriv du om?

- Det har vore mykje historisk. Dette albumet er veldig prega av vår eigen oppvekst, arv og miljø. Tidlegare sette eg meg ned over eit par tre månadar med nye idéar og tankar for å skrive før vi spelte inn, men denne gongen her henta eg fram mykje gamle idéar som eg egentleg hadde gløymt og det har prega heile albumet. Tjue/tretti prosent har eg hatt inne i hovudet i monge år, og no har eg omsider skrive det ferdig. Det gjer at Sólverv har blitt eir meir tidlaust album for vår del og det reflekterar heile perioden vi har drive med musikk.

picture

Kvar hentar du inspirasjonen din frå? Blir du påvirka av musikken du høyrer på?

- Eg høyrer på alt mogeleg. Eg jobbar med musikk og driv med booking for Tons of Rock-festivalen. Eg har musikk i kvardagen, men det er klart det er forskjell på musikk som jobb og det som inspirerar meg. For meg er det nok delt inn i tre bunkar; det er 70-talsrock, 80-tals thrash og det er 90-tals black metal. Det er vel mine tre hjarteborn, og det har alltid prega Vreid. På siste plata er det nok likevel meir fokus på 90-tals black metal.

Går du medvite inn for å skrive ein viss sjanger, eller blir det berre slik når det kjem ut?

- Eg legg aldri noko ramme for meg sjølv når eg startar med skrivinga. Eg begynn med dei fyrste idéane som ligg der. Ofte uviklar det seg ei viss stemning og feeling på det eg skriv, og då kan eg reindyrke det meir etter kvart som prosessen blir meir ferdig. Og på denne plata, merka eg det veldig tidleg at det gjekk valdsamt i denne black metal-greia. Det har nok óg mykje med at eg henta fram gamle idéar og minner å gjere. Det har gjort at dette er klart den mest reindyrka black metal-plata vi har laga.

Er det musikk det går i 24-7? Har du andre interesser, eller hobbyar du koblar av med?

- Spør du om eg har et liv? Hehe. Det er klart at musikk tek forferdeleg mykje tid sidan eg jobbar med musikk og spelar i band, men eg er veldig glad i naturen og brukar mykje tid ute på tur. Og naturen er sjølvsagt til stor inspirasjon. Store delar av Sólverv er skriva på hytta mi i Sogndalsdalen. Elles er det Liverpool. Det er mykje god avkobling i det, og det går med litt tid til å tenke på statistikkar og neste kamp. Og no er vi jo på ein høg tysk rus om dagen med Klopp som ny manager og greier.

Er de ”Big in Japan”? Norsk black metal er jo stort i utlandet, merkar de noko til det?

- Vi begynte å turnere i utlandet for ganske monge år sidan, og vi såg jo det at det var stor interesse for begrepet ”norsk black metal” og norsk metal i det heile tatt. Det er det i stor grad enno, men det har blitt so monge band etter kvart og det har gått so monge år; eg vil vel sei at det å vere eit norsk band i dag ikkje betyr noko spesielt. Ein får ingen ting gratis av det. Men det er ikkje tvil om at dei som starta tidleg og bygd seg opp har eit sterkt namn der ute. Pionerane i sjangeren skapte noko heilt unikt. Mayhem, Darkthrone, Burzum og Emperor; det er klart at dei har skapt ein heilt eigen sjanger og et begrep.

I kor stor grad har Vreid vore ein del av det kyrkjebrennande og satantilbedande svartmetallmiljøet? Fins dette miljøet enno?

- No har vi vel aldri vore del av eit miljø. Vi har vore i eit innestengt lite, lukka miljø i Sogn og Fjordane og drive med våre eigne ting. Det er klart at vi blei inspirert av det som skjedde og det har vore spanande, ikkje minst musikalsk. Det var ein revolusjon. Det braut med alt som var forventa og var noko heilt nytt. Berre det åleine tiltalte oss. Alt som skjedde rundt det er det jo skrive opp og ned i mente om i avisene, og det er vel fyrst og fremst media som har gjort det til det sensasjonelle og store det blei. Kor mykje desse bandene gjekk inn for det, det blir berre spekulasjonar frå mi side. Men for meg er dei framleis dei største banebrytarane i norsk musikk.

Korleis var det å kome seg opp og fram som musikarar i Sogndal?

- I Sogndal har ein satsa mykje på fotball, og det har ein klart bra. Kultur har det ikkje vore satsa noko på i det heile tatt. Vi var i si tid med på ein kommunal rockeverkstad i to veker, før vi fann ut at der hadde vi ingen ting å gjere. So då fekk vi bruke eit gamalt fjøs som far til trommisen hadde. Vi fek rydda ut ein gamal møkakjellar og laga eige øvingslokale. Der blei vi verande og brukte dagar og netter frå vi var 15-16 år gamle og skapte det som blei til Ulcus, seinare Windir og Vreid. Alt var samla i den gode, gamle fjøsen. Hadde vi hamna i ein kommunal rockeverkstad og øvd to gonger i veka, hadde vi aldri kome dit vi er i dag.

Du nemner Windir. Korleis er det i dag? Er dette noko de ikkje snakkar om eller vil tenke so mykje på med tanke på det tragiske som skjedde?

- Nei, absolutt ikkje. For det fyrste er det ein kjempestor del av historia vår og som vi er utruleg stolte av, og Terje (som starta Windir), Jørn (trommisen i Vreid) og eg budde to hundre meter frå kvarandre. Vi hang i lag kvar dag frå so lenge tilbake eg kan hugse. Og det same med bror til Terje, Vegard. Han var eitt år eldre og han fann fram mykje musikk og ting til oss. Vi tre som framleis er i live er bestevener enno og Terje hadde heilt klart vore ein del av det i dag om han levde. Det som skjedde rundt Terje er det mørkaste kapitlet i livene våre, men vi ekstremt stolte av den perioden og kjem alltid til å ha det med oss. Når det som skjedde skjedde, var det viktig for oss å avslutte det kapitlet og starte eit nytt eit. Det var ikkje noko alternativ. Terje var kjerna i Windir, det var hans grunntanke og ide, og at vi skulle fortsette på det var heilt utenkeleg. Difor starta vi Vreid.

Takk for tida di og lukke til med turne!

- Takk for det! Og i helga er det Liverpool-kamp!


Vreid skal spele desse konsertane i Noreg frå 22. oktober

22.10 - Folken, Stavanger
23.10 - Byscenen, Haugesund
24.10 - Hulen, Bergen
19.11 - Rockefeller, Oslo
20.11 - Gregers, Hamar
21.11 - Blæst, Trondheim

Bileter: Eivind Hermann