Foto: Nathan Gallagher

- Eg vokste praktisk talt nesten opp i Anthrax. I den grad eg har vokst opp. Det var eit av favorittbanda mine frå eg var liten. So dei par fyrste åra eg spelte med heltane mine var veldig surrealistiske.

Rob Caggiano var gitarist i legendariske Anthrax frå 2001 – 2005 0g 2007 – 2013. Då han forlot bandet for å konsentrere seg om å produsere musikk i januar 2013, var det med tungt hjarte. Han sa i eit intervju då at det var ei ekstremt vanskeleg og tung avgjersle å ta, men det var den vegen hjartet ville han skulle gå. Det tok ikkje meir enn ein månad før han blei introdusert som ny gitarist i danske Volbeat, bandet han eigentleg berre skulle hjelpe å produsere det femte albumet, Outlaw Gentlemen and Shady Ladies. Den gode kjemien mellom han og resten av bandet gjorde det naturleg at han blei fast medlem. Det har han vore sidan då.

I kveld er Rob og resten av Volbeat i Oslo og spelar i eit utsolgt og stappfullt Spektrum. Bandet er ute på ein litt over to månadar long turné. Musikknyheter traff gitaristen backstage i Spektrum.

- Livet på vegen er heilt topp. Eg elskar det! Det er jo klart at det er mykje jobb og eg trur du treng å vere ein viss type person for å overleve det. Men eg elskar det; eg har gjort det so lenge no, det er han eg er; det er det eg kan.

Det er ganske enkelt å sjå på Caggiano at han faktisk meinar det han seier. Heile mannen osar av rock og turnéliv. Men kva gjer ein mellom konsertane? Kva gjer dei for å få tida til å gå? Øver dei? Skriv ny musikk?

- Vel, vi øver ikkje. Vi spelar jo kvar kveld. Elles skjer det av og til at vi skriv litt ny musikk. Stort sett likar eg å lese, og på fridagar hender det at vi går på kino. Vi likar godt filmar alle mann. Elles er det ganske digg å berre ta det med ro.

Det går mest i mørk litteratur. Eller ”fucked up books”, som han seier sjølv. Og han blir glad og noterer flitteg når han får eit par tips om bøker av denne typen. - Dette skal eg definitivt sjekke ut. Takk, mann!



Det er alltid moro å høyre korleis ulike band jobbar når dei skriv ny musikk. Har de ein spesiell framgangsmåte? Er alle involvert?

- Michael (Poulson) skriv mesteparten. Og eg bidrar jo òg. Denne siste plata [Seal The Deal & Let's Boogie] var veldig kul. Vi jobba ein del saman i øvingslokale før vi gjekk inn i studio og gjorde ein del preproduksjon og eksperimentering. Vi prøvde ut nye ting, gjorde om på arrangementene. Rett og slett strømlinjeforma songane. So, jo, vi samarbeidar definitivt om dette denne gongen. Det kjem jo litt an på songen; alle songar er litt ulike og treng ulike prosessar.

Av og til når ein høyrer eit album eller ser ein film, kan ein ofte spør seg om ”kvifor?”. Kvifor har dei laga akkurat dette? For kven har dei laga det? Det virkar som om ein ikkje klarer å bestemme seg for om ein lagar film eller musikk for seg sjølv, eller for ei bestemt målgruppe. Nokre virkar det faktisk som om dei rett og slett prøver å famne alle. Det er difor utruleg befriande når ein kjem over noko som heilt openbart ikkje er laga for nokon andre enn seg sjølv, som til dømes filmen Swiss Army Man.

- Ja, Michael snakkar mykje om den filmen. Eg har ikkje sett den enno. Soundtracket er fantastisk! Men, joda; det finnast ein del band der ute som ikkje har dei rette motivene, dei prøver å lage den musikken dei trur fansen vil ha, og då blir det ikkje bra. Dei endar opp med å springe rundt i ring etter halen sin. Vi lagar musikken for oss sjølv; den musikken vi sjølv likar. Vi vil lage noko som vi er stolte av. So blir det litt opp til fansen om dei likar det òg.

Volbeat har vunnet fleire prisar og har vore nominert til ein Grammy, so det skulle vel vere tydleg kva fansen synest om det dei lagar ... – Ja, det er ei god kjensle å vinne slike prisar, men det er jo ikkje for prisane si skuld vi held på med dette her.

Når ein tenker på kor mange songar det har blitt skrive i denne verda, er det lett at tankane vandrar over i fysikken. Det seiast det at det er ei endeleg mengde energi og at den er konstant. Ein skulle kanskje tru at dette kan anvendast i musikken. Blir det vanskelegare og vanskelegare å skulle skrive ny musikk? Det må jo hende at ein har skrive eit fantastisk riff for so å finne ut at det har jo nokon andre skrive før, eller at ein har brukt det i ein song for mange år sidan.

- Egentleg ikkje. Eller, sjølvsagt; slikt skjer jo. Men mindre enn ein skulle tru. Eg høyrer på veldig mykje ulikt, og hjerna mi er som ein svamp som absorberar alle desse ulike inntrykkene og bearbeidar dei vidare til ulike ting. Ein songidé, ein produksjonsteknikk, ein lyd, alt mogeleg egentleg. Det blir lagra ein stad i hjerna og hentast opp ved eit seinare høve og foredla til eit eller anna musikalsk sluttprodukt.

Tusen takk for praten, Rob. Har du nokon anbefalingar til våre lesarar?

- Eg er ein musikkjunkie og ser heile tida etter nye ting. No for tida høyrer eg mykje på den nye til Bon Iver, den nye til Leonard Cohen, og eit band som heiter Phantogram. Veldig bra musikk alt dette.