Frå å vere eit undergrunnsband innan metal, har Ghost teke nye steg kvart år dei siste åtte åra. Med sitt nye album Prequelle, er dei superaktuelle når dei 20.juli kjem til vesle Norfjordeid for å spele sin einaste fulle konsert i Noreg i år. Festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, fortel ivrig om årets store headliner.

- Ghost er eit band vi har ynskt oss i mange år, og i år var det ei mogelegheit for å få det til. Vi kunne tilby ei ramme rundt denne konserten, med den vestlandske naturen og utsikt til fjorden, som eg trur var avgjerande for å få dei hit. I tillegg kunne vi vise til gode og store namn å vise til frå tidligare år, som nok også var med på å dra lasset, seier Naustdal.

Og festivalsjefen seier dei også er stolte av å ha fått til denne bookinga.

- Det er klart at det er ikkje lett å få eit slikt band hit, så vi tek det som eit klapp på skuldra at vi faktisk har fått det til. I tillegg har bandet akkurat no gjeve ut ei plate som eg personleg synest er fantastisk bra, og som verkar å gje dei ein breiare appell. Så når vi først skulle få dei hit, er vi veldig glade for at det vart i år, seier festivalsjefen.



Nattmesse

Og det vert ei skikkelig nattmesse Ghost stell i stand denne fredagskvelden, eller natta, for å vere presis. Det var også sentralt i bookinga, seier Naustdal.

- Ja, det var ikkje noko alternativ der, hverken for dei eller oss. Det måtte bil då, og konserten vert frå 00.30 til 02.00, så det vert ei veldig spesiell oppleving for alle trur eg. Sjølv har eg sett dei fleire gongar før, men eg gler meg spesielt til å sjå dei nettopp her, med den ramma som vert rundt, seier Naustdal.

God miks

Naustdal understreker også at dei alltid bookar banda ut frå den samansetninga og tidspunkta dei vil fylle på programmet.

- Vi bookar alltid band med ein viss plan for korleis vi vil bruke dei på festivalen. Slik var det også i dette tilfellet, og det er også tilfellet med dei fleste andre banda vi har på festivalen.

Og om ein ser på samansetninga av artistar på Malakoff har hatt, heilt sidan oppstarten, er det tydelig at dette er ein samansett festival, med mykje meir enn midnattsmesser med svenske skrømt.

- Vi starta ut som ein rockefestival, og det er framleis den musikken som ligg oss nærast, forklarar festivalsjefen. Men vi er også nøydd til å vere ein festival for ungdomen i Sogn og Fjordane, i tillegg til at vi ligg på Nordfjordeid, og er veldig avhengig av dei lokale aktørane her, for å få denne festivalen til å gå rundt. Difor har vi lagt opp til denne miksen, som eg synest vi har fått til på ein god måte, avsluttar Naustdal.

Malakoff går føre seg frå 19-21 juli, i parken på Nordfjordeid, og i tillegg til Ghost, spelar mellom andre Gluecifer, Wolfmother, Gabrielle og Kjartan Lauritzen i løpet av helga.