Foto: Ådne Evjen

Trubadur og visesongar Kåre Indrehus har gitt ut to plater og er godt i gang med den tredje. Med sitt skråblikk på verda og sin lune humor, har artisten blitt populær i ein - førebels - liten krets. Kåre Indrehus er frå Sunnmøre. Han har bodd i Oslo i mange år, men har no flytta til Nøtterøy med familien. Før konserten på Arnemoen Gard sist lørdag, fekk vi høve til å snakke med Kåre Indrehus i sofaen på låven på Ringebu.

Kva vil du seie er ditt musikalske prosjekt? Kva ønsker du å oppnå med musikken og tekstane?

- Eg er opptatt av ei ærleg og usminka formidling. Eg vil lage gode historieforteljingar med musikk til, og målet må vere at andre kan finne glede og kjenne seg igjen i historiene. Humor har blitt ein viktig del av musikken min. Eg prøver ofte å legge inn ein humoristisk vri i tekstane.

Kor personlege er tekstane dine? Kor ofte er det du som er hovudpersonen og kor ofte lagar du karakterar?

- Dei er personlege, og ofte er det eg som er hovudpersonen. Mange av tekstane er basert på tema eg har lyst til å skrive om og personar eg har møtt på og kjent til. I konsertsamanheng brukar eg mykje av praten mellom låtane til å forklare dei og gi dei ekstra liv. Det å prate mellom låtane er noko eg prøver å utvikle.

Når du seier at du vil utvikle praten mellom låtane, kva meiner du med det?

- Eg vil skape ei setting for låtane og gi dei ekstra liv. Eg vil fortelje noko som du ikkje kan finne i sjølve låten. Sånn som kva som inspirerte låten og forhistoria til låten. Låtane er jo forteljingar, men samtidig har dei heilt klart rot i verkelegheita. Ofte er det personlege ting og tema eg synst er interessante som eg skriv om.

Vil du seie at platene dine har eit klart tema?

- Dei to platene eg har gitt ut og den som kjem i januar, er tematiske, men samtidig spenner dei ganske vidt. Eg har begynt å jobbe med den nye plata, og ein kan godt seie at det er del tre av ein slags trilogi. Eg har kalla den plata som kjem ut i januar for Livet på landet, så kontrasten mellom byliv og livet på landet er eit tema der.

Når visste du at du skulle gi ut tre plater så tett?

- Det visste eg ikkje då eg jobba med den fyrste plata, men eg oppdaga ganske fort at eg hadde materiale til fleire plater. Å lage tre plater på så kort tid, har vore veldig interessant. Mitt mål er å utvikle meg gjennom å utøve, i staden for å berre øve. Det å spele for folk og gå i studio gjer at ein blir gradvis betre som artist og låtskrivar. Derfor er det viktig at eg kjem med nye plater i eit jamnt tempo.

Det å gi ut plater blir ein læringsprosess?

- Nettopp! Ein held i gang det kreative på den måten. Eg merkar at det kjem stadig nye songar, så eg har no begynt på plate fire. Om eg skulle stoppe opp og ta ein pause trur eg det ville gå utover den kreative prosessen. Det handlar sjølvsagt og om å ha tid til å skrive og lage låtar, og om å prioritere musikken, eg har ein annan jobb ved sidan av. Eg finn tekstar overalt, anten eg går tur med hunden eller kva det kan vere. Eg sett meg sjeldan ned og tenker at «no skal eg skrive ein song om det og det», det er meir at det dett ned i hovudet mitt. Hund som hobby er t.d. inspirert av ein avisartikkel eg las for fleire år sidan om hundehald. Ein ekspert var bekymra fordi det var blitt så trendy med hundehald og at det er eit mykje større ansvar enn det mange tenkjer over. Dei har hund som hobby, i staden for å ha det som ein livsstil. Eg har hund sjølv så det er nok derfor eg har skrive om det.

Handlar Vegansk vise om at folk er så redde for å ikkje vere politisk korrekt at dei ikkje tør å seie kva dei meiner om veganisme, eller er det berre eit humoristisk blikk på eit interessant tema?

- Når det gjeld Vegansk vise, tenkte eg at veganisme kunne vere eit originalt tema, misforståingane rundt temaet er mange. Det er ikkje meint som ein kritikk mot verken det eine eller det andre, berre et artig tema å ta opp. Eg har mange vener som er veganarar, og dei syns låten er artig. Eg er ikkje veganar sjølv, men eg prøver å spise mindre kjøt, litt fordi kona er vegetarianar. I den songen er det ikkje eg som snakkar, men meir ein karakter.

Korleis blir den neste plata?

- Eg har tenkt å prøve å utfordre meg sjølv og få eit litt anna fokus. Eit tema er kjærleik, på godt og vondt. Eg har mange gamle songar liggande som ikkje har passa inn før, men som eg prøvar å bruke no.

Har du liggande mange ubrukte songar?

- Ja, og det mange ikkje veit, er at eg hadde ein periode der eg laga songar på engelsk. I den perioden prøvde eg å stable eit band på beina, men det gjekk ikkje. Ein del av dei engelske songane har eg skrive om til norsk. Anten har eg tatt melodien eller så har eg skrive om teksten til norsk rundt same tematikk. Husblues, frå Å synge med hjertet i halsen, er eit døme på ein melodi eg har tatt frå ein av dei engelske songane. Teksten i Husblues har litt av same tematikk som i den engelske versjonen.

Finst det opptak frå den engelske perioden?

- Det finst nokre demo-opptak, og eg har liggande rundt 30 låtar på engelsk i skriftleg form.

Ein artist som Erlend Ropstad starta med å lage engelske plater, men gjekk over til å skrive på norsk. At du òg gjekk den vegen, er det ei slags erkjenning av at det er vanskeleg å skrive gode tekstar på eit språk som ikkje er ditt morsmål?

- Eg likte veldig godt å skrive på engelsk. Stilen var meir alternativ rock/indie og garasjerock, som eg var opptatt av på den tida. Det hadde vore kjipt lenge, fordi det ikkje vart noko av bandet. Eg trengte ny inspirasjon, for eg gjekk litt i kjellaren. Det vart heilt avgjerande for meg når eg skulle gå solo at eg gjekk over til å skrive på norsk. Eg fekk ein kreativ giv både musikalsk og tekstleg etter det.



Fekk musikken eit anna utgangspunkt når du skreiv på norsk?

- Det blei meir nakent og ærleg, og det påverka tekstane. Dei vart meir rett frem og med meir humor når eg skreiv på norsk.

Har du alltid skrive tekstar, eller starta låtskrivinga med at du spela gitar? Kort sagt: kva kom fyrst?

- Eg starta med å skrive artige små dikt og tekstar på vidaregåande, men eg kunne ikkje spele gitar. Då eg flytta til Oslo fekk eg hjelp av ein god venn til å lære meg å spele. Eg skreiv ikkje så mykje akkurat da, men trongen til å skrive tekst til musikken kom ganske kjapt med gitarspelinga.

Kva musikalske førebilete hadde du på den tida?

- Det var spesielt to sentrale artistar i livet mitt då eg starta å lage musikk. Bandet Bright Eyes, med Conor Oberst i spissen, var viktige. Dei laga personlege tekstar i folkrocklandskapet. Så var det Damien Rice, som er ein meir klassisk singer/songwriter. Etter kvart oppdaga eg Dylan og dei meir kjende artistane. Norsk musikk begynte eg å høyre meir på fyrst då eg starta å skrive på norsk.

Det er mange fine arrangement på platene dine. Har du nokon gong tenkt å spele live med band?

- Eg likar veldig godt den direkte kontakten eg får med publikum når eg er aleine og alt ansvar kvilar på eigne skuldre. Så er det òg praktiske og økonomiske årsaker til at eg ikkje har hatt band med. Det er t.d. lettare å organisere konsertar når det er berre meg sjølv og gitaren. Når det er sagt, kunne eg godt tenkt meg å spele live med band. Det kjem nok til å skje ein eller annan gong i framtida.




Heimesida til Kåre Indrehus