— Eg har i haust markert mitt tiande år som singer/songwriter med dobbelt livealbum, faste tegneseriestriper på instagram/dagbladet.no og ei rekke konsertar. No slepp eg livealbumet på EKTE! På dobbel vinyl! Ei svart plate og ei kvit plate, i matt utbrettcover med illustrasjonar og teikneseriestriper i, sier Olsen til Musikknyheter.no

— Dette er den finaste utgjevelsen eg har gjort. For det første inneheld den 20 av mine favorittsongar framført med både akustisk band, elektrisk band og eit lite orkester. Den er til og med delvis innspelt på sjølvaste Rockefeller. I tillegg, er dette ei av dei aller første vinylplatene som er trykt på det splitter nye (og einaste) vinyltrykkeriet i landet, Coastal Town Records i Egersund. Den kjem også i eit begrensa opplag på 300, og for å gjere det enda meir fancy, har eg mala 10 originale akvarellar frå teikneserien og gøymt det i 10 tilfeldige cover. Som ein gullbillett. Som Willy Wonka forteller han videre.

For å ta en skikkelig oppsummering ba vi Egil om å liste opp de 10 verste og de 10 beste minnene fra hans første tiår som artist:


TOP 10

01
Å ha musikken min i eit dataspel (Dreamfall - Chapters). I tillegg dukkar eg faktisk opp inne i sjølve dataspelet, animert, i 3d, og gjer ein konsert. Er eg den første som har konsert i eit dataspel? Kanskje.



02
Å lage tegneserie om livet som relativt ukjend popstjerne. Eg nevnte ein idé om turnédagbok i tegneserieformat før ein japanturné. Eit par dagar etter var det på trykk i dagbladet. No gjer eg det tre gongar i veka på dagbladet.no og min instagramkonto @egilolsen




03
Å spele på hovudscena på Øyafestivalen. På samme dag og på samme scene som Outkast. Hadde eigetleg ein idé om å covre ‘Hey Ya’ men synge Øya i staden. Det blei aldri gjort.

04
Å turnére i Kina, første gongen, var eit eventyr. Eg ante ikkje kva eg hadde i vente. Musikkvideoen til ‘singer/songwriter’ fekk over 1.5 millionar views på kinesisk Youtube og eg blei vekas artist på ein slags kinesisk Facebook og fekk ei heilside i Global Times Beijing. Fans kom på flyplassen med gaver og hundrevis av kinesarar kunne tekstane på alle songane mine. Myndigheitene blei nysgjerrig på alt oppstyret og nekta oss til slutt å fullføre dei siste konsertane på turnéen. Burde kanskje stå på bottom10-lista, men det var egentlig litt gøy og ein aburd slutt på eit crazy eventyr.

05
Å covre hip hop på P3. Noko som begynte som litt fjas i eit intervju med Pia Skevik, balla på seg og blei ein heil sommar med hip hop-covring og gjesteprogramleding på radio.

06
Å ha musikk i traileren til ein pornofilm. Jepp, ein av songane eg covra på P3 var ‘Pussy Real Good’ av Jackie-O. Den endte i traileren til filmen ‘Pussy Play’ av og med x-pornostjerna Caroline Andersen. Eg har til og med spelt den live på ein fest i stova hennar i Moss.

07
Å spele i LA. No har eg spelt ganske mange konsertar i LA, men det er alltid stas. Første gongen eg spelte i LA, for over ti år sidan, var første gongen eg spelte ‘singer/songwriter’ live og berre introduserte meg som egil olsen, ein singer/songwriter fra Norge.

08
Å oversette alle songane mine fra engelsk til nynorsk for dei nynorske festspela. Eg ville ikkje la det gå på bekostning av innhaldet og oversatte ganske direkte utan rim og rytme. Det blei framført som proklamering med eit fint melodisk bakteppe. Pretensiøst, men fint, gøy og lærerikt.

09
Å framføre ‘Boombastic’ i Kulturkirken Jakob med Oslo Strings. So inderlig vakkert, men so ufattelig tullete. Eg har også spelt den i eit bryllup, i det bruda kom inn og gjekk mot sin komande ektemann med latter og tårer i augene.

10
Å vere med på å lage musikken til den japanske filmen ‘Petal Dance’ med komponist Yoko Kanno. Ho har laga musikk til ‘Ghost in the Shell’ og ‘Cowboy Bebop’ og mykje anna animé. Ho og filmregissøren og eit par andre kom fra Japan til Oslo og spelte inn heile soundtracket i Rainbow studio i Oslo. Eg skreiv teksten og syng på end credits-låten ‘crouka’. Eg skreiv eigentleg kråka. Teksten er abstrakt og har både random norske ord og oppdikta ord i seg.





BOTTOM 10

01
Å spele på Moods of Norway sin jubileumsfest i Oslo Spektrum. Eg skulle synge ein låt eg har laga med Ralph Myerz og spele gitar på noko anna. Eg måtte stå høgt oppunder taket oppå eit slags reklameskilt og synge til ein gjeng fulle folk i fargerike dressar. Skulle få ein betydelig sum for oppdraget. Fekk aldri noko. Fekk ein dress da. Svart, men turkis inni …so klart.

02
Å turnére i kina andre gongen. Neida, det var ein kjempefin tur, men plateselskapet fekk eit kjedelig økonomisk problem som endte i lange vanskelige telefonar, forsinka fly og eit anspent møte på eit hotell i Beijing midt på natta. Det første som blei sagt når eg endelig kom fram var: “ah, still fat.”

03
Å bli rana på turné. Midt på dagen. Midt på Grünerløkka. Eg måtte gå fram og tilbake til bilen med utstyr og baggasje etter eit stopp heime i leiligheita. Då eg var inne og henta siste rest, hadde nokon brutt opp to dører og bagasjerommet og tatt alle tinga mine. Der blant 100 eksemplar av debutplata mi og ei lita pengeboks med kontantar. Eg rakk akkurat konserten på Hamar den kvelden og oppdaga ikkje før eg skulle gjere meg klar til å gå på scena at kofferten med kleda mine også var vekke. Eg gjorde konserten i joggebukse og Hellboy t-skjorte.

04
Å spele på båtdåp i Ulsteinvik. Kunne sikkert blitt fint. Ein svensk, litt party-aktig arrangør, hadde ein idé om at eg skulle begynde rett på første låt når han ga meg eit teikn. Det var utendørs, nokre hundre folk, båten blei døypt og svensken satte meg i gong. Etter ca eit minutt med litt forvirra publikum, kom det høgt over anlegget på båten: “Inngang på venste bru!” og alle forsvann. Eg fortsatte å spele for ein kokk og to andre. Etter nokre låtar, midt i ’you and i (and the dog)’, tuta skipet. Veldig høgt. Og etter ei stund gjekk strømmen. Vi snakka om å ta konserten igjen seinare på dagen, men det blei ikkje noko av. Eg hadde kjørt 8 timar. Fekk godt betalt da, men litt trist.

05
Å spele for bråkete publikum, sann generelt. Det skjer heldigvis nesten aldri, men ein gong det skjedde, begynte eg berre å spele samme songen om at og om at. Ingen merka det. Trur eg spelte samme songen fem-seks gongar før eg gjekk av scena. Men det var ekstremt.

06
Å spele på kjøpesenter er sjeldan ein god idé. Eg spelte på opninga av eit nytt kjøpesenter utanfor Oslo ein plass. Like før eg skulle gå på scena gjekk brannalarmen og alle måtte ut. Det var ganske seint på kvelden og arrangøren insisterte på å halde kjøreplanen. Det var ingen brann og folk fekk omsider sleppe inn på kjøpesenteret akkurat i tide til å sjå meg. Dei fleste hadde gått heim. Det var heller ikkje noko scene. Eg stod på ein måte i trappa og såg utover det nye, store, tomme kjøpesenteret. Nokre få folk gikk forbi og såg rart på meg. Eg spelte for lydmannen og arrangøren. Eg begynte å improvosere litt tekst for å underhalde meg sjølv. Dei merka ingenting.

07
Å bli tvinga, av ein konfransier som stadig kalte meg Drillo, til å bli med på ei felles jam/dans-avslutning på eit skulearrangement eg spelte på. Er ikkje so veldig glad i å jamme og danse.

08
Å spele for fem publikumarar, der to av dei, etter første låt, seier dei trudde eg var Bare Egil og at dei hovedsaklig kom for å høyre ‘Bæsj i Skjegget’.

09
Å knuse gitaren min. Tidlegare i år, etter nokre mørke og triste månedar og ingen musikalsk aktivitet, kom eg meg endelig ut av huset og gjorde ein veldig fin liten konsert. Det føltes godt og eg var veldig fornøgd. Eg har ein bratt bakke opp til huset mitt, det var is og eg kom meg ikkje opp med bilen. Eg tok gitaren på ryggen og kava meg opp bakken. Nesten framme med døra, sklei eg og landa oppå, eller inni gitaren min. Det var mørkt. På alle måtar. Eg kom meg opp, gjekk inn og la meg på sofaen. Eg hørte ein lyd. Det var ei mus inne i pianoet mitt. Musa hadde gnagd på filthammerane og laga eit lite bol av dei. Det var som om universet tok fra meg musikken. Eg nekta, leita fram ei musefelle, nokre tvinger og trelim. Gitaren ser litt stygg ut, men fungerar fint. Og fine mus, unskyld unskyld unskyld, men du begynte.

10
Å skrive ei top10 og ei bottom10 liste for musikknyheter.no ? Dette kunne lett blitt 20 fine tegneseriesrtiper det. Kan kanskje fremdeles bli det:




— Den siste månaden har eg vore på turné og fortsett med nokre små eksklusive konsertar i desember, avslutter han.

04/12 - Salt - Oslo
09/12 - Big Dipper - Oslo
19/12 - Ocean Sound Recordings - Giske
20/12 - Meirenntusenordløda - Fosnavåg
21/12 - Det grøne treet - Volda

Bestill vinyl på egilolsen.com