Foto: Øystein Bagle-Tennebø



I går hadde Oslo storfint stonerrockbesøk frå Portland. Red Fang var tilbake på John Dee for å varme hausttunge nordmenn. Det er tredje gongen dei fyller lokalet med sine seige og fengande riff. Det har eigentleg aldri slått meg før i går at stonerrocken er hipsterrock; eg har aldri i heile mitt liv sett so masse skjegg i eitt og same rom før. Eg er sikker på at Grünerløkka var meir eller mindre tom denne onsdagskvelden sidan alle var på John Dee for å få med seg konserten. Og mens salen var full av hipstermenigheta, var Red Fang hipsterprestane som gjennomførte ei godt orkestrert og vellukka messe.

Etter gode tre kvarter med oppvarming frå det litt hardare sludgebandet Torche, hadde dei fleste i salen fått litt varme i nakken etter taktfast nikking, og litt fot. For det var suggerande rytmer og feite riff frå Miami-bandet Torche. Det såg ut til at det skulle bli ein konsert der den kanskje litt vaksne publikumsmassa (det er for øvreg vanskeleg å bestemme alderen til denne skjeggete gjengen) sto meir eller mindre i ro og nikka taktfast og annerkjennande til musikken. Der tok eg heldigvis skammeleg feil. Det utvikla seg etter kvart ein relativt stor mosh pit foran scena, og temperaturen steig i takt med svetteperlene i skjeggene til musikantane. Mot sluttane var det sogar ein som var oppe og crowd surfa. Lat meg vere den fyrste til å innrømme at eg ikkje er ein del av slike pitar lenger, men det gjer noko med stemninga på ein konsert. Heldigvis var ikkje dei som sto rundt denne frenetiske gjengen av typen som dytta tilbake og himla med augene over å bli forstyrra! Er du på konsert og skal på død og liv stå heilt fremst, får du jaggu tåle å bli dytta litt på!

 photo untitled 411 of 740_zps6o93fa1y.jpg

Enkelte band i den mørkaste delen av stonersjangeren har ein tendens til å bli veldig introverte når dei står på scena og agerar ikkje nemneverdig med publikum. Heldigvis er Red Fang eit band som likar publikum og som ser ut til å vere genuint glade for å vere i Oslo og spele konsert. Dei oste av speleglede og smilte og lo mens dei spelte. Dei to vokalistane hadde god kontakt og ein strålande tone med publikum og vitsane var faktisk til å både smile og le av. Men at «Awsome» rimar på «Oslo» er eg meir usikker på om eg er enig i … Og før dei gjekk av scena klarte dei å lire av seg det akk so standard ”Tusen Takk!”.

Eg har ei merkeleg oppleving av at mange band faktisk startar litt treigt og tek seg opp utover konserten. Heilt uforståeleg om du spør meg. Heldigvis gjekk Red Fang hardt ut med ein av dei store hitane, Wires og satte standarden. På John Dee onsdag var det full pupp frå start til slutt. Til og med publikum var med på tonane frå fyrste riff, sjølv om moshpiten ikkje var i gong heilt frå starten. Det var til og med allsang då dei spelte Blood like Cream som sang nummer fem! Bandet gjekk høgt ut og økte berre på heile vegen vidare. Og ei god blanding av gamle slagarar og ein tre, fire låtar frå den nye plata, Flies var ein av dei nye som fungerte veldig godt.

 photo untitled 405 of 740_zpshqk9apsj.jpg

John Dee er ikkje den største scena vi har i Oslo, men det sparkar godt frå når det er band som Red Fang og Torche der. Og skal eg vere ærleg, trur eg nok det hadde vore ein heilt anna konsert om dei hadde spelt på Rockfeller eller Sentrum Scene. Då hadde det kanskje blitt litt glissent og stemninga hadde ikkje vore den same, for eg trur ikkje dei hadde klart å fylle nok opp der. Red Fang er uansett eit band som fungerar veldig godt på ei intim scene med nærhet til fansen. Etter konserten var over kom til dømes trommisen ut og prata med eit par av dei som hadde tatt turen, og takka for at dei kom. Det er kult.