Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Opeth opna med den riffsterke Sorceress frå det siste albumet, og gjekk rett over i Ghost of Perdition og Demon of the Fall. Dette kom til å bli ein flott kveld, tenkte eg. Og etter volumet på jubelen etter denne opninga, var det fleire enn meg som var nøgde med dette. Det virka nok som det var mange med meg som håpte på ein del gamalt. Det er ikkje noko gale med det nye, det er berre det at det gamle er so utuleg mykje meir aggressivt og hardt, og fungerar meget godt live.

Eg var minst like spent på korleis det skulle vere med Opeth-konsert på Konserthuset. Det er ikkje akkurat metall som kjem fremst i hjerna når eg høyrer "Konserthuset". Joda, eg veit at Opeth har spelt i Royal Albert Hall, og det funka som berre juling, men eg var likevel litt skeptisk til både lyd og lys. Heldigvis blei mine fordommar gjort til skamme; eg koste meg med godt lys, stort sett god lyd og digge seter. Lyden kunne vore litt kraftigare på vokalen i partiene der vokalist Mikael Åkerfeldt growla. Som i eit par av overgangane på låta The Grand Conjuration. Det blei litt for lavt og utydeleg, gitt. Nesten pinglete! Konserten får difor "berre" 9/10 og ikkje full pott! Elles var det relativt forstyrrande då folk skulle ut for å fylle på eller tøme av tanken undervegs. Det var faktisk litt irriterande. Ein legg ikkje like godt merke til slikt når alle står frå før.

 photo untitled 198 of 915_zpswbomewaw.jpg

I følge Åkerfeldt var bandet litt surrete og ustødege på grunn av jet lag, men det må eg seie eg ikkje la spesielt merke til. Konserten var ei oppvisning i samspel, teknikk og gruppedynamikk. Dei var utruleg tighte og alt sat der det skulle. Eit hav av musikalsk energi og kompetanse. Elles er det ikkje mykje fysisk energi på scena, om ein ser vekk frå trommis, Martin Axenrot som er høgt og lavt på trommesettet heile vegen. Dei står stort sett rett opp og ned og leverer varene. Noko dei gjer til gagns, so det gjer ingen verdas ting at dei står mykje i ro.

Konserten avsluttast med The Drapery Falls, Heir Apparent, The Grand Conjuration og finalen Deliverance. I rest my case. Tidenes Opeth-konsert i Oslo! Du kan no gløyme kvar du var då Oddvar Brå brakk staven! Det nye du lyt hugse no er kvar du var då Opeth spelte i Konserthuset 6. november 2016!

 photo untitled 465 of 915_zpswuzbbgpp.jpg

Til slutt eit lite hjartesukk: Sjølv om Mikael Åkerfeldt er ein utruleg morosam fyr og underheld stort med sin prat mellom låtar, betyr IKKJE det at alle i salen automatisk blir like morosame. Det som høyrast morosamt ut inne i hovudet ditt, blir sjeldan like morosamt når det kjem ut! La det vere der inne!