Foto: Øystein Bagle-Tennebø



I 1996 ga Sepultura ut det smått legendariske albumet Roots. Bandet hadde for lenge sidan markert seg som eit av dei hardaste og sintaste døds- og thrashmetall-banda i verda. Og dette hadde dei fått til i frå Brasil! Brasil var ikkje eit land der metall vart heia fram, so brørene Cavalera hadde kjempa kvart eit sekund for å kome seg opp og ut. Roots blir av mange rekna som det kreative høgdepunktet for Sepultura, og drog med seg mange element frå brasiliansk folkemusikk inn i metallverda. Dette gjorde dei faktisk veldig bra. Historia ville etterkvart ha det slik at grunnleggarane av Sepultura - Max og Iggor Cavalera - ikkje lenger er med i bandet. Det var difor ikkje Seputura som hadde konsert i går, men Max og Iggor Cavelara. Dei skulle spele heile Roots frå start til slutt. Turnéen heiter Return to Roots.

 photo Cavaleras 9_zps8nkfis4j.jpg

Konserten på Vulkan Arena har vore utsolgt ei stund, og det var mange spente metalheads som sto og nippa nervøst til eit plastsglas med øl medan ein venta på dei brasilianske heltane sine. Det surra litt ymse diskusjonar og rykter i salen før the Cavaleras endeleg kom på scena (uforamma på tida, heldigvis); det var berre Max og Iggor som skulle verre på scena; dei var blitt gamle, feite og lite samspelte. Ryktene var sterkt overdrevne og heilt ubegrunna; dei hadde med seg ein gitarist og bassist. Men når det er sagt: vi var der for brørne. Ikkje la det vere nokon tvil om det!

Då introen til Roots Bloody Roots gjekk over høgtalarane, blei den verste nervøsiteten til publikum utløyst i gledesbrøl og jubel. Då Max kom på scena, virka han faktisk meir nervøs og usikker enn publikum hadde vore. Var det kanskje noko i ryktene om at dei var blitt gamle og ute av synk? Heldigvis leverte dei varene på opningslåta, og den ekstatiske tilbakemeldinga frå publikum, gjorde nok at nervøsiteten til Max forsvant fort. Skuldrene senka seg og han var tilbake i sett ess; på scena foran ein velvilleg fanskare.

 photo Cavaleras 2_zpscd9pxv2c.jpg

Og publikum skal faktisk ha skryt for at dei var med på notane. Det var ikkje vanskeleg for Max å få dei med seg på både hoing og klapping, og då han ved eit par høver oppfordra dei til å opprette ein circle pit, tok det ikkje lang tid før det kokte midt på golvet. Dette var imponerande, folkens. Og so på ein tysdag i desember! Sjølv om då Max fyrst får heile salen til å ordrepliktige "raise your fucking hands" og so messar "open up your mind, and go your own way" om att og om att mens alle framleis klappar som beordra, lurte eg på om eg var åleine som såg ironien.

Men, det er eit "men" her. Sjølv om det var både aggressivt og det ikkje mangla på vilje og humør, klarte det aldri å kome til dei heilt store musikalske høgder. Det var som om det mangla eitt eller anna. Eg klarte aldri heilt å sette fingeren på det, men det var nok ein kombinasjon av at lyden kunne vore betre, det mangla litt energi frå gutane (dei hadde no faktisk blitt litt rundare i kantane sidan sist), og eg sakna gløden frå då eg såg dei på Kalvøya tidleg på 90-talet. Dei skal likevel ha for at det såg ut til at dei storkoste seg. Smilet var på plass og dei leika seg på scena. Dei kom til og med tilbake og spelte nokre ekstranummer etter at dei hadde gjort ferdig Roots. Diverre var det berre Max og Iggor då dei gjorde Desperate Cry, og Antichrist, og det øydela mykje meir enn det var kult. Fyrstnemnde er ein av mine absolutte Sepulturafavorittar, men den mangla so altfor mykje slik dei gjorde den. Det var skuff. Men versjonen dei hadde av Mötörheadklassikaren Ace of Spades var aldeles fantastisk, sjølv om eg hadde lenge håpa at dei skulle kome med Orgasmatron som ekstra.

 photo Cavaleras 13_zpsgvdftfhu.jpg